Torbjorn Krogen investormatch foto Marius
BAD OM HJELP: Dagleg leiar Torbjørn Krogen i Solwr Robotics fekk tips fra salen under Investormatch til korleis selskapet kan vekse raskt. Dei meiner robotane deira kan nyttast i fleire land og ulike bransjar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vi har eit vindauge no som vi ønsker å utnytte

Solwr Robotics-sjefen bad om råd for raskt vekst med unik teknologi.

Marius Rosbach
20.05.2025

Dagleg leiar Torbjørn Krogen i Solwr Robotics var førstemann ut då det var klart for case-studie under Investormatch i Ålesund tysdag.

Møteplassen mellom investorar og vekstselskap blei arrangert på Pir. Undervegs vart salen utfordra til å kome med tips til korleis Ålesund-selskapet kan vekse raskt. 

– Vi har eit vindauge no som vi ønsker å utnytte, fortalde Krogen til salen.

Solwr Robotics har utvikla dei to robotane Sort og Grab, som høvesvis sorterer pallar og plukkar varer. 

 – Vi ser at vi kan utvikle selskapet ved å bygge stein på stein, men vi ser også at vi har ein moglegheit som vil lukke seg ganske snart. Då er spørsmålet om vi bør druse på endå meir, sa Krogen.

Investormatch salen foto Marius
ÅLESUND: Møteplassen mellom investorar og vekstselskap blir arrangert av ÅKP og Pir i samarbeid med DNB og Agenda Vestlandet. Foto: Marius Rosbach

Meiner selskapet er først i verda
Per i dag meiner Krogen at selskapet er åleine i verda om å tilby denne teknologien kommersielt. Samtidig er dei klar over at store konkurrentar jobbar med å utvikle tilsvarande løysingar.

Selskapet har i første rekke sikta seg inn mot effektivisering av lagerstyring og varehandtering i daglegvarehandelen. Dei har allereie Norgesgruppen og Coop som kundar her til lands. 

Dei har også selt sine første robotar til det svenske og britiske marknaden. I sistnemnte marknad, har dei eigarane i Spar-kjeda med på laget

Les meir om Solwr-selskapa

Krev overtaling for å utløyse investeringar
Krogen meiner moglegheitene er enorme. Samtidig er det gjerne snakk om store investeringar for kundane deira. 

– Vi opplever at marknaden sitt litt på gjerde og at det krev ein del overtaling for å utløyse investeringane, fortalde Solwr-sjefen.

Utfordringa med kapitalbehovet blei teke opp av fleire i salen under work-shop-en. Fleire peika på moglegheitene for å tilby robotane som ei teneste, til eksempel med abonnement, for å senke terskelen for kundane. 

Det vil samtidig krevje meir av Solwr-selskapet sjølve. Eitt innspel gjekk på å finne ein internasjonal partnar i samarbeidet for å dele på risikoen. 

Vurdere å hente meir kapital
Solwr Robotics-sjefen fortalde at selskapet også vurderer å hente inn meir kapital i løpet av det neste året. 

– Vi er i ein situasjon der vi vurderer moglegheitene, og det vil vere noko eigarane våre må ta standpunkt til framover, seier Krogen til Nett No. 

Også systerselskapet Solwr Software, som leverer programvaren Trace til varehandelsbransjen, vurderer ein større emisjon for å satse internasjonalt.

Publisert: 20.05.2025 15:36

Sist oppdatert: 20.05.2025 19:13

Mer om