Gadus Alida Voldsfjorden torskeoppdrett foto Gadus Group
TORSKEOPPDRETT: I juli utgjorde fisk frå oppdrett 11 prosent av den eksporterte torsken. Her illustrert ved Ode, tidlegare kjend som Gadus, sitt anlegg på Alida i Volda. Foto: Gadus Group/Ode
Nytt

I juli var 11 prosent av torskeeksporten frå oppdrett

Sjømateksporten auka med åtte prosent.

NPK
03.08.2023

I juli auka sjømateksporten med åtte prosent og landa på 12,4 milliardar kroner.

Auken kjem i stor grad av ei svak norsk krone. Det var prisauke for fersk filet av laks, klippfisk av torsk og frosen heil makrell, medan det vart eksportert mindre torsk, sei og sild samanlikna med juli i fjor, skriv fiskeribladet.no.

Meir fersk torsk, mindre frosen
Ifølgje Sjømatrådet vart det eksportert 2950 tonn fersk torsk i juli. Verdien er på 147 millionar kroner, ein auke på 23 millionar frå året før. Volumveksten er på 18 prosent.

Medan det i fjor ikkje vart eksportert oppdrettstorsk i juli, vart det eksportert 318 tonn fersk heil oppdrettstorsk i juli i år, til ein verdi av 20 millionar kroner.

Dette svarer til 11 prosent av eksporten av fersk torsk målt i volum, skriv fiskeribladet.

Det vart eksportert 3289 tonn frosen torsk i juli, eit volumfall på 27 prosent.

Parallelt eksporterte me 247 tonn kongekrabbe til ein verdi av 111 millionar kroner i juli. Det utgjer ei verdiauke på 86 prosent og ein volumvekst på 127 prosent.

Volumfall for behandla fiskeprodukt
På saltfisk og tørrfisk fall volumet i juli med 16 prosent, og sildeeksporten med 34 prosent. Noreg eksporterte også 902 tonn reker til ein verdi av 70 millionar kroner i juli, noko som svarar til eit verdifall på 36 prosent og eit volumfall på 62 prosent mot same månad i fjor.

Det vart også eksportert 4839 tonn klippfisk til ein verdi på 387 millionar kroner. Det er ni prosent ned frå same månad i fjor.

(©NPK)

Publisert: 03.08.2023 15:20

Sist oppdatert: 03.08.2023 18:14

Mer om