Statt torsk oppdrettsanlegg foto statt torsk
TRØBBEL: Torskeoppdrettsselskapet Statt Torsk har møtt fleire problem som påverkar aksjekursen på Oslo børs. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Får svi for produksjonstap

Torskeoppdrett børstapar, medan Kystruten-reiarlaget har stø kurs mot ny emisjon.

Saka er oppdatert med børstabell for Nordvestlandet etter handelsslutt.

Statt Torsk fekk svi då børsen opna onsdag og aksjen sank frå start.

Reaksjonen kjem etter at selskapet etter stengetid tysdag melde om auka dødelegheit ved eitt anlegg og lågare slaktevolum enn venta ved eit anna anlegg.

Ved 13-tida var aksjen ned 10,44 prosent til 0,49 kroner. Botnnoteringa for aksjen er på 0,42 kroner frå tidlegare i sommar.

Ved handelsslutt onsdag blei aksjen handla for 0,48 kroner.

Handelsdagen onsdag førte ikkje med seg dei store byksa i kurs, og Havila Kystruten er mellom dagens børsvinnarar frå Nordvestlandet, med ein auke på 3,11 prosent.

Tidleg på dag var kursen oppe i 1,25, men utover dagen fall aksjen litt tilbake, og avslutta på ein kurs på 1,16 kroner per aksje. Med det ligg prisnivået framleis godt over emisjonskursen frå tidlegare i sommar.

I samband med retta emisjonar er det vanleg praksis å gjennomføre reparasjonsemisjonar for å bøte på utvatninga av eigarforhold i selskapet for dei eksisterande aksjonærane, og Kystruten har meldt at dei planlegg å gjennomføre ein slik emisjon.

Blir aksjen handla på børs for ein lågare pris enn emisjonskurs, er det ikkje noko poeng for aksjonærar å teikne rettar til nye aksjar gjennom selskapet, når dei uansett kan auke eigardelen sin til ein lågare pris enn kva selskapet kan tilby.

I generalforsamlingsvedtaket til Havila Kystruten om reparasjonsemisjon er det derfor lagt inn ei formulering der styret har høve til å avlyse den ekstra kapitalinnhentinga dersom tilhøva taler for det.

Med onsdagens aksjekurs over emisjonskurs, aukar dermed sjansane for at reiarlaget vil gjennomføre reparasjonsemisjonen.

Hovudindeksen på Oslo børs slutta ned 1,12 prosent – etter ein positiv start på veka.

Stemninga i finansmarknadene snudde i negativ retning tysdag, noko som kan skuldast at dei langsiktige amerikanske rentene steig, skriv seniorøkonom Kristian Tafjord i Sparebanken Møre i dagens marknadsrapport.

Ei av årsakene til at dei langsiktige rentene stig, er at det tysdag kom melding om at kredittvurderingsbyrået Fitch nedgraderer USA si kredittverdighet eitt hakk. Stormakta har tidlegare vore vurdert til toppscore, AAA, men er no nedgradert til AA+.

I begrunnelsen peiker Fitch på dårlegare økonomisk styring og meir utfordrande finansielle forhold.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,85 3,26 %
Havila Kystruten kr 1,16 3,11 %
Sparebanken Møre kr 76,50 0,26 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,23 0,16 %
Norva 24 Group* kr 26,55 0,00 %
Hav Group kr 10,25 0,00 %
Endúr kr 39,20 0,00 %
Salmon Evolution kr 6,85 -0,29 %
Nortel kr 26,60 -0,75 %
Havila Shipping kr 12,14 -1,14 %
Hexagon Composites kr 30,36 -1,24 %
Atlantic Sapphire kr 5,89 -2,16 %
Hexagon Purus kr 19,82 -4,71 %
Hofseth Biocare kr 2,93 -5,18 %
Arctic Bioscience kr 9,64 -10,33 %
Statt Torsk kr 0,48 -11,36 %
* Kurs i SEK

Publisert: 02.08.2023 13:11

Sist oppdatert: 02.08.2023 23:21

Mer om