Monja og Sindre Mjelva foto Ogne
STOR OPPGRADERING: Før prinsessebryllaupet i fjor fekk Hotel Union Geiranger-vertskapet Monja og Sindre Mjelva mellom anna pussa opp 120 rom.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kostnadshopp på prinsesse-bryllaup

I fjor gjorde Monja og Sindre Mjelva unna oppussingar og oppgraderingar dei normalt ville bruk fem til sju år på.

31.07.2025

At prinsesse Märtha Louise og Durek Verret gjekk til Hotel Union Geiranger for å få arrangert bryllaupet sitt utløyste mellom anna ein oppussing av 120 rom og oppgradering av teknisk infrastruktur i hotellet. 

Eit års tid hadde vertskapet, Monja og Sindre Mjelva på seg for å få alt i stand, fram til bryllaupet i august i fjor.

Det var snakk om arbeid og investeringar hotellet normalt ville gjort over fem til sju år, seier Mjelva. No hadde dei eitt års tid på seg.

– Vi forserte mykje arbeid, seier Sindre Mjelva. 

Fleire tilsette
Det betydde mellom anna investeringar og ei oppbemanning, som auka lønskostnadane frå 56 til 68 millionar kroner. Det er hovudårsaka til resultatnedganen i fjor, ifølgje Mjelva. I år er hotellselskapet attende på eit meir normalt kostnad- og bemanningsnivå, seier han.

Talet på sysselsette årsverk steig frå 95 til 109 i fjor.

– Hotellfagleg er det kanskje det mest ekstreme vi har gjort, seier Mjelva om bryllaupsarrangementet og kallar oppdraget både kjekt, spennande og utfordrane.

Drift og eigedom
Morselskapet i  Hotel Union Geiranger-konsernet er SM Buick Holding, med Sindre Mjelva som eigar.

I tillegg til driftselskapet omfattar konsernet tre eigedomsselskap med driftsselskapet som leigetakar. 

I fjor kjøpte konsernet også Fossen Camping i Geiranger, som ligg melllom hotellet og turistattraksjonen Flydalsjuvet.

Hotel Union Geiranger as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt142,9131,9
Driftsresultat0,19,4
Resultat før skatt-2,7-1,5
   
Union Hotel Eiendom as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt7,87,8
Driftsresultat4,75,4
Resultat før skatt0,42,2
   
Purkura as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt3,03,0
Driftsresultat1,01,3
Resultat før skatt-1,8-0,7
   
SM Nash Living as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt2,02,0
Driftsresultat1,71,8
Resultat før skatt2,11,6

Publisert: 31.07.2025 11:38

Sist oppdatert: 31.07.2025 11:38

Mer om