I gjennomsnitt kosta eit hotellrom i Ålesund 2064 kroner natta i skuleferieperioden 20. juni- 16. august. Det er ein auke på 222 kroner natta samanlikna med same periode i fjor, og er like over prisen i Sørlandsbyen Kristiansand.
Det er hotellrådgivar og - analytikar Peter Wiederstrøm i samarbeid med Benchmark Alliance, som har henta inn og analysert prisstatistikken.
Lofoten-hotella tronar på pristoppen, med ein gjennomsnittspris på 2475 kroner per rom i skuleferietida, men Ålesund kjem som nummer to, før Kristiansand, Bergen og Oslo.
Gjennomsnittet for Noreg er ein rompris like i overkant av 1500 kroner natta. ( Det er snakk om pris per rom der moms og frukost ikkje er rekna med).
Det har aldri vore seld fleire hotellrom og hotellprisen har aldri vore høgare, seier Wiederstrøm om den norske hotellmarknaden i sommar.
Nest høgst også i august
Også i auguststatistikken ligg Ålesund på andreplass rangert etter rompris, med ein gjennomsnitt på 2028 kroner natta mot 1867 kroner i fjor. Lofoten er på topp også i august, med 2404 kroner natta.
Ålesundhotella fekk leigd ut 75,5 prosent av hotellroma i skuleferieperioden (78,6 prosent i 2024).
Tala for august månad viser at Ålesund-hotella greidde å oppretthalde eit godt besøkt også i andre halvdel av månaden. 78,6 prosent av roma var leigd ut i august i år, mot 83,9 prosent i same månad i fjor.
Wiederstrøm sine tal byggjer på informasjon frå Ålesundhotell med tilsaman 770 hotellrom. Talgrunnlaget omfattar færre hotell enn i andre større byar i Noreg.
Auke i 2024
Gjennomsnittsprisen for eit hotellrom i Ålesund var 1423 kroner i 2024. Det var ei liten auke frå 2023, men ein kraftig auke frå 2019 - året før koronapandemien. Då var gjennomsnittsprisen til hotella i Ålesund under 900 kroner romet.
Berre i Tromsø, Lofoten, Oslo og Bergen fekk hotella leigd ut rom til ein høgare gjennomsnittspris enn i Ålesund i fjor, viser årsstatistikken for 2024 frå Wiederstrøm Hotell Consulting.
Publisert: 03.09.2025 11:00
Sist oppdatert: 03.09.2025 10:06






