- Det ser litt svart ut, sjølv om vi stadig reknar på ulike kontraktar, seier Hatløy.
Sidan i august i år har "Neptune Naiad" lege i opplag i Galveston i Texas.
- Vi kuttar kostnader der vi kan, og fann ut at det var betre å liggje her enn i Texas, slik situasjonen er no, seier Hatløy.
Mannskapet er frå Norge, Færøyane og Filippinane. Dei vert no permitterte i påvente av nye oppdrag.
- Men vi kjem til å ha ha permanent vakthald om bord, seier Hatløy.
- Det er ei rekkje seismikkskip i opplag, men vi er heldige som har ein båt som er nedbetalt.
- I tillegg skyt vi 2D-seismikk og fungerer som skytebåt, og opererer ikkje i den øvre enden av skalaen. Vi bør dermed ligge godt an når marknaden snur.
'- Det kan ta ein månad, tre månader eller seks månader, men eg er uansett optimistisk. For oss er dette ingen krise. Då er det verre for mange andre.
Det Ulstein-baserte seismikkselskapet Neptune Offshore vart starta i 2006. Selskapet kjøpte då den konkursråka trålaren "Scan Sigandi" og bygde båten om til seismikkskip.
Trålaren var først bygd ved Huang Pu-verftet i Kina, men vart ombygd i 2007 ved Irving Shipbuilding i Canada.
- Vi har eit av dei nyaste seismikkskipa i dette segmentet. Mange av våre konkurrentar har 20-30 år gamle skip, seier Hatløy, som sjølv har 25 år bak seg i seismikkbransjen.
Neptune Offshore har managementet på båten, som er 50 % eigd av Neptune Offshore og 50 % av selskapet Neptune Seismic.
Hatløy opplyser at det skal gjerast ein del vedlikehaldsarbeid på båten. I tillegg skal båten dokkast før nye oppdrag.
- Den er skikkeleg grodd til under vasslinja etter å ha lege så lenge ved kai i Galveston, seier han.
Sidan i august i år har "Neptune Naiad" lege i opplag i Galveston i Texas.
Permitterer mannskapet
1. juledag la de 66 meter lange seismikkskipet til kai ved den tidlegare sildoljefabrikken på Moltu.- Vi kuttar kostnader der vi kan, og fann ut at det var betre å liggje her enn i Texas, slik situasjonen er no, seier Hatløy.
Mannskapet er frå Norge, Færøyane og Filippinane. Dei vert no permitterte i påvente av nye oppdrag.
- Men vi kjem til å ha ha permanent vakthald om bord, seier Hatløy.
Nedbetalt båt
Han har god tru på at det vil ordne seg med oppdrag etter kvart.- Det er ei rekkje seismikkskip i opplag, men vi er heldige som har ein båt som er nedbetalt.
- I tillegg skyt vi 2D-seismikk og fungerer som skytebåt, og opererer ikkje i den øvre enden av skalaen. Vi bør dermed ligge godt an når marknaden snur.
- Ingen krise
Hatløy seier likevel at det fort kan ta nokre månader.'- Det kan ta ein månad, tre månader eller seks månader, men eg er uansett optimistisk. For oss er dette ingen krise. Då er det verre for mange andre.
Det Ulstein-baserte seismikkselskapet Neptune Offshore vart starta i 2006. Selskapet kjøpte då den konkursråka trålaren "Scan Sigandi" og bygde båten om til seismikkskip.
Trålaren var først bygd ved Huang Pu-verftet i Kina, men vart ombygd i 2007 ved Irving Shipbuilding i Canada.
Eitt av nyaste skipa
Sommaren i år avslutta skipet eit fireårig seismikkoppdrag for selskapet CGG.- Vi har eit av dei nyaste seismikkskipa i dette segmentet. Mange av våre konkurrentar har 20-30 år gamle skip, seier Hatløy, som sjølv har 25 år bak seg i seismikkbransjen.
Neptune Offshore har managementet på båten, som er 50 % eigd av Neptune Offshore og 50 % av selskapet Neptune Seismic.
Hatløy opplyser at det skal gjerast ein del vedlikehaldsarbeid på båten. I tillegg skal båten dokkast før nye oppdrag.
- Den er skikkeleg grodd til under vasslinja etter å ha lege så lenge ved kai i Galveston, seier han.
Vi kuttar kostnader der vi kan, og fann ut at det var betre å liggje her enn i Texas
Publisert: 28.12.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






