I pluss - etter 27 år
Sidan starten i 1994 har søskena Stafset halde Vello Nordic gåande, trass underskot på underskot. I fjor blei det endeleg pluss.
Også i år budsjetterer Vello Nordic på Håhjem kommune med vekst og overskot, fortel dagleg leiar Frode Urkedal.
- Enn så lenge går det veldig bra, vi har god ordreinngang, seier Urkedal.
Selskapet auka også bemanning i fjor, frå 26 til 33 årsverk.
Spilka-eigarar
Vello Nordic på Håhjem lagar profilar i glas- og karbonfiber. Selskapet blei etablert i 1994 og flytta inn i dagens lokale på Håhjem i tidlegare Skodje kommune i 2017.
Søskena Bjørn Stafset, Laila Kristin Stafset og Knut Inge Stafset eig Vello Nordic gjennom selskapet Spilka (tidlegare Tasso).
Under Spilka-paraplyen ligg også Spilka Industri, som er det største selskapet i konsernet.
Tålmodig eigarskap
År etter år med underskot har gjort at tanken på å avvikle og legge ned har dukka opp, sa medeigar Bjørn Stafset til NETT NO i 2019.
- Vi har halde på i 24 år, så den tanken har streifa meg ganske ofte, sa han.
Men då NETT NO snakka med Stafset i 2019 det optimismen som rådde. I dei nye lokala var det investert i auka produksjonskapasitet og forventingane var at plussresultatet var like om hjørnet.
- For min eigen del har eg aldri vore meir positiv, sa Stafset den gangen.
Prisvekst og uvisse
Vello Nordic hadde plussresultat alt i første halvår 2021.
Då var dagleg leiar Frode Urkedal likevel uviss på korleis året ville ende, fordi råvareprisane og transportkostnadane steig,og fordi det var uvisse om naudsynte råvarer kom fram.
Slutten av 2021 gjekk betre enn frykta, og fasiten kan du lese i tabellen under artikkelen.
Sjølv om 2022 har starta godt, som 2021 slutta, er det framleis prisauke og uvisse om selskapet får tak i råvarene det treng, ifølgje Urkedal.
Berre i første kvartal har prisen på polystyren og glas- og karbonfiber, dei to viktigaste råvarene for selskapet, auka med 30 prosent.
Tidlegare kjøpte Vello Nordic fiber frå Kina. Prisauke hos kinesiske leverandørar kombinert med dyrare frakt gjer at selskapet no kjøper frå leverandørar i Europa og Noreg, seier Urkedal.
Vello Nordic har også brukt hausten til å bygge opp eit vesentleg større lager av råvarer og vil halde fram med å halde eit større lager enn før koronapandemien og krigen i Ukraina.
Vello Nordic as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 54,2 | 36,0 |
Driftsresultat | 2,2 | -6,4 |
Resultat | 1,4 | -6,4 |
Publisert: 17.03.2022 06:00
Sist oppdatert: 17.03.2022 10:57