R M Ship Interior montasje Maria Apneseth Fotograf Rene Garmider RM
LEIAR INNREIINGSSPESIALIST: Maria Apneseth tok over som dagleg leiar av R & M Ship Interior sitt norske selskap på slutten av 2024. Foto: Rene Garmider/R & M Ship Interior
Nytt

I pluss etter to år med underskot

Spesialistane på skipsinnreiing trur dei tre-fire neste åra vil by på høg aktivitet og gode resultat.

Marius Rosbach
08.05.2026

R & M Ship Interior leverer eit rekneskap for 2025 med overskot før skatt. Det er første gong sidan 2022. 

– Vi har nok å gjere og jobbar på, seier dagleg leiar Maria Apneseth i ein kort kommentar til Nett No - og viser elles til årsmeldinga. 

Venter 3-4 gode år
Molde-firmaet som har skipsinnreiing som sin hovudaktivitet, fortel i årsmeldinga om gode utsikter til at rekneskapane skal halde seg på plussida  framover. 

«Styret forventer høy aktivitet i markedet og gode resultatet i 2026, og 3-4 år frem i tid», heiter det. 

Bakgrunnen for «spådommen» om framtida er høg aktivitet i verftsindustrien, som gir oppdrag til R & M Ship Interior. I tillegg har dei lukkast med å sikre arbeid på fleire områder. 

Sikra nye oppdrag for lokale verft
I løpet av 2025 har selskapet sikra seg nye oppdrag for både Larsnes Mekaniske Verksted, Aas Mekaniske Verksted og Vard-gruppen. 

Høg aktivitet i ettermarknad og servicedelen av industrien, sikra godt med arbeid for denne avdelinga i første halvår i år.

Styret skriv at dei har sikra seg «eit solid fotfeste» i andre marknader og at dei ventar ein større del av omsetninga vil kome herifrå framover. 

Har vore gjennom tøffe år
R & M Ship Interior har vore gjennom nokre tøffe år, men rekneskapene i 2024 og 2025 viser at selskapet har kome seg over kneika. 

Omsetninga gjekk ned i 2025, grunna forsinka oppstart og forskyvingar i enkelte prosjekt. Driftsinntekter på 148 millionar kroner er det lågaste sidan 2016, men er venta å auke i år (sjå tabell under).

Eigenkapitalen til selskapet har vore negativ i fleire år, og er ved utløpet av 2025 på minus 3,6 millionar kroner. Basert på utsiktene framover og økonomien elles, meiner styret det ikkje er usikkerheit om vidare drift, går det fram i årsmeldinga. 

R & M Ship Interior AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt148,1202,3
Driftsresultat1,80,1
Resultat før skatt0,9-0,3

Publisert: 08.05.2026 05:00

Sist oppdatert: 07.05.2026 22:03

Mer om