R M Ship Interior montasje Maria Apneseth Fotograf Rene Garmider RM
HØGT AKTIVITETSNIVÅ: Maria Apneseth leiar R & M Ship Interior som har kring 60 tilsette og hovudkontor i Molde. Dei har mykje å gjere med oppdrag på ulike verft på Sunnmøre. Foto: Rene Garmider/Andreas Winter
Nytt

Innreiingsspesialistar sikra ny storordre

Sjefen for R&M Ship Interior er vande med at det svingar. I fjor svinga det i rett retning for Molde-firmaet.

Marius Rosbach
03.09.2025

R & M Ship Interior i Molde har sine største kundar mellom verfta på Sunnmøre. No har dei sikra seg eit nytt stort oppdrag med å innreie den siste brønnbåten Rostein har tinga frå Larsnes Mek. Verksted.

– Det er ei betydeleg kontrakt for oss. Vi er så heldige at vi har fått vere «hoffleverandør» til Rostein-båtane, og tek det sjølvsagt som ei stor tillitserklæring å bli valt igjen, seier Maria Apneseth til Nett No. 

Ho tok over som dagleg leiar av R & M Ship Interior sitt norske selskap på slutten av fjoråret. 

Omsetning i fjor på «normalnivå» 
Apneseth har tidlegare hatt ulike leiarstillingar i den maritime industrien, og kjenner godt til korleis det kan svinge i bransjen. 

– I år har vi god aktivitet, men vi er i ein bransje med tøff konkurranse og som er skvisa på marginar. For min del gir det ein positiv «drive» og betyr at vi heile tida må jobbe for å vere best. Det er motiverande, seier ho. 

I fjor auka omsetninga med kring 50 millionar samanlikna med året før. Det gjorde at selskapet var tilbake på eit «normalnivå», som styret skriv i årsmeldinga - på om lag 200 millionar.

Apneseth trur ikkje dei når heilt opp til det nivået i år. Det handlar rett og slett om at dei ikkje har vore gode nok i salsfasa, er hennar vurdering. 

Ro Sonja foto Larsnes Mek Verksted
NY BRØNNBÅT: Rostein-reiarlaget har bestilt ein ny brønnbåt hos Larsnes Mek. Verksted med ein tilsvarande plattform som Ro Sonja på bildet. Foto: Larsnes Mek. Verksted

Kraftig betring – men minus i fjor
Lønnsemda for R & M Ship Interior betra seg betydeleg frå 2023 til 2024. 

Resultatet blei likevel tynga av eit oppdrag som blei utsett - der Molde-firmaet gjekk på eit betydeleg tap, ifølgje årsmeldinga.

– Vi lir litt av prosjekt som ikkje har stått seg økonomisk, seier Apneseth. 

2024-rekneskapen enda med eit underskot før skatt på nær 300.000 kroner. Det er likevel ei kraftig betring frå underskotet på kring sju millionar i 2023 (sjå tabell under). 

– Vi må heile tida jobbe med å få ned timetalet i prosjekta og jobbe offensivt, samtidig som vi tek vare på kvaliteten i arbeidet, seier R & M Ship Interior-sjefen.

R & M Ship Interior AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt202,3149,9
Driftsresultat0,1-7
Resultat før skatt-0,3-7

Ventar større omsetning frå nye marknader
I ordreboka til Molde-firmaet i år har det vore innreiingsoppdrag ved mellom anna Ulstein Verft og Aas Mek Verksted. I fjor hadde dei større oppdrag for Vard og Myklebust Verftet. 

Apneseth fortel at selskapet i stor grad er vore prisgitt nybyggingsaktiviteten ved verfta. 

– Og dei er veldig konkurranseutsett for tida. Vi ser til eksempel reiarar som tidlegare berre har bygd i Norge, no går til Kina, seier ho. 

Samtidig skriv styret i årsmeldinga at dei har fått «solid fotfeste» i andre marknader – og  dei ventar at ein stor del av omsetninga framover kan kome frå ombyggingar og landbasert industri i tillegg til olje- og gassbransjen. 

Kritisk til val av britiske fregattar
Apneseth fortel at ho gjerne hadde sett av verftsindustrien fekk meir draghjelp frå styresmaktene. 

Ho meiner valet om å gå til innkjøp av fregattar frå Storbritannia er eit nytt eksempel som ikkje går i den heimlege industrien sin favør.

– Det får store konsekvensar, og det er nettopp ved slike val norske styresmakter bør støtte oppunder norsk industri, seier ho. 

– Eg er også oppteken av at vi også må få fram den neste generasjonen som skal jobbe på verfta. Det ser kanskje greitt ut når det kjem til innkjøps- og økonomiavdelingane, men til eksempel på operatørar er vi inne i eit stort generasjonsskifte, legg Apneseth til. 

Publisert: 03.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 02.09.2025 20:33

Mer om