Ottar haakonsholm
NEI: Ottar Håkonsholm er dagleg leiar for Runde Miljøsenter, som neste år ikkje får statsstøtte.
Nytt

Ikkje pengar til Runde Miljøsenter

SV sikra tre millionar til Runde Miljøsenter i år. Det gjekk ikkje i budsjettforliket for 2025.

02.12.2024

-Dessverre nei, svarar kommunikasjonssjef  Espen Løkeland-Stai i SV på spørsmål om støtte til Runde Miljøsenter er ein del av budsjettforliket SV og regjeringspartia Ap og Sp vart samde om i helga.

I budsjettforliket for 2024 fekk SV inn tre millionar kroner i statsstøtte til Runde Miljøsenter, men ikke denne gangen.

Styreleiar Rune Garen seier det blir krevjande for senteret å utarbeidet budsjettet for  2025.

Runde Miljøsenter hadde 10,5 millionar kroner i inntekt i 2023, medrekna statsstøtte som også då var på tre millionar kroner. Resultatet før skatt minus blei 0,6 millionar kroner. Det betyr at Runde Miljøsenter, utan statsstøtte, ikkje kan dekke kostnadsnivået det hadde i 2023 utan ei vesentleg auke i underskotet.

Tredje forsøk
Framlegget om å kutte støtte til Runde Miljløsenter i 2025 er tredje gang regjeringa foreslår eit slikt kutt. 

Då stortingsrepresentant Helge Orten (H) i fjor bad klima- og miljøministeren om ei grunngjeving for støttekuttet svarte Andreas Bjelland Eriksen (Ap) at senteret primært driv forsking og ikkje oppfyller kriteria for besøkssenter, som støtta er meint å finansiere.

Publisert: 02.12.2024 13:33

Sist oppdatert: 02.12.2024 13:48

Mer om