Ingen avklaring om Kleven sal
KLEVEN: Klart for allmøte på Kleven torsdag. Der vil dei tilsette få oppdatering om status for verftet.
Nytt

Ingen avklaring om Kleven-sal

Klokka 11:15 torsdag får dei tilsette på Kleven oppdateringa rundt status for verftet, men nokon ny eigar er ikkje på plass enno. 

04.07.2019
Fleire kjelder opplyser til NETT NO at det er ei generell statusoppdatering som ein vil få på allmøtet i dag, og ikkje opplysningar om ein eventuell ny eigar av verftet.
Fleire aktørar har vist interesse for det Hurtigruten-eigde verftet, blant anna den italienske Vard-eigaren Fincantieri, nederlandske Damen og tyske Meyer Werft.
Ei eventuell overtaking vil truleg vere kopla opp mot meir bygging for Hurtigruten på Kleven, men etter det NETT NO kjenner til er ikkje salsprosessen landa.

Anlegget viktigast

Derimot har fleire aktørar stilt spørsmål ved realismen rundt at ein kjøpar tar over heile selskapet som det er i dag.
For ein potensiell kjøpar er det primært anlegget som er viktig.
Ei løysing kan difor vere å skilje ut anlegget i eit eige selskap som klargjering for eit endeleg sal.

Stor ros

I mellomtida vil Kleven Verft ha full fokus på ferdiggjeringa av det andre ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen.
Verftsdirektør Olav Nakken har lova at dette skipet skal vere ferdig i løpet av året.
Han rosa også dei tilsette i sterke ordelag etter at Roald Amundsen vart overlevert.
- Eg er utruleg imponert over den jobben som har blitt gjort blant dei tilsette. Å levere eit så komplisert produkt i ein krevjande periode, og at vi samstundes med dette også har levert ein serie ankerhandterarar til Maersk, er noko alle som har bidratt til kan vere veldig stolte av.
- Med interiøret, teknologien og det heilt unike designen, er Roald Amundsen det ypparste som nokon gong er levert frå eit norsk verft, seier Olav Nakken.

Publisert: 04.07.2019 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37