Ingen lysning i romjula
PSV: Bourbon Rainbow ligg ved kai på Mjølstadneset i Herøy og ventar på oppdrag.
Nytt

Ingen lysning i romjula

Rem Offshore-direktør Åge Remøy trur det vil gå lang tid før offshoremarknaden tek seg opp att.

29.12.2014
- Vi må belage oss på at dei dårlege tidene vil vare ei god stund. Dei utfordringane vi ser no vert ikkje løyste over natta, seier Remøy.
I romjula var det tørke på nye kontraheringar, og det hopar seg opp med offshorefartøy som ventar på oppdrag ved dei store hamnene i Aberdeen, Bergen og Stavanger.
I følgje er det no 26 ankerhandterar heilt utan arbeid, fordelt på 14 i Aberdeen og 12 i Norge.

Lave rater

Mellom desse er Havila Venus og Havila Jupiter, Farstad Shipping-fartøya Sapphire, Sigma og Scorpion, Olympic-skipa Hera, Hercules, Octopus og Poseidon, samt Island Offshore-skipa Valiant og Vanguard.
- Vi har alle skipa i arbeid, men det er klart at ratene no er så lave at det er lite å tene på dei ulike oppdraga, seier Åge Remøy.
I tillegg til dei 26 ankerhandterarane utan arbeid, er ytterlegare 28 i ferd med å avslutte oppdrag dei nærmaste dagane.
- Ja, situasjonen ser slett ikkje lys ut, seier Åge Remøy, som nyleg bestemte seg for å utsetje bygginga av eit avansert offshoreskip med eitt år.

20 PSV-ar utan arbeid

Lista over PSV-ar utan arbeid tel no 20 skip, fordelt på 12 i Aberdeen og åtte i Norge.
Mellom desse finn vi Bourbon Rainbow, Olympic Orion, Havila Crusader og Farstad-skipa Superior og Service.
Rem-skipet Rem Vision slutta søndag ein kontrakt med Hess Denmark. I dag, måndag, var det ytterlegare tre skip som fekk oppdrag.
Men det er eit trettitals PSV-skip som snart er ferdige med sine oppdrag, slik at den totale lista over tilgjengelege PSV-ar er oppe i over 50.

Farstad-hopp på børsen

Trass det store talet på offshorefartøy utan arbeid, har kursane på offshoreselskapa stige siste etter botnen 17. desember.
Størst auke har Farstad Shipping-aksjen hatt. 17. desember var kursen nede i 38,00 kroner, noko som prisa selskapet til knappe 1,5 millardar kroner.
I dag, måndag, har aksjen vore handla til 55 kroner, noko som verdset selskapet til vel 2,1 millliardar kroner. Verdiauken er dermed på 600 millionar kroner på vel ei veke.
I ettermiddag har aksjekursen falle noko tilbake.
Også Havila Shipping-aksjen har stige litt siste handledagane, og vert i dag handla til 18,80 kroner aksjen. Dette prisar selskapet til 565 millionar kroner.
Ja, situasjonen ser slett ikkje lys ut

Publisert: 29.12.2014 15:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39