Ute var det stormkast, haglbyger, lyn og torden. Oljeprisen viste 48 dollar fatet, 60 prosent fall sidan 18. juni. På menyen stod boknafisk av usalta og halvtørka torsk.
Inne i salen hadde nok mange av dei frammøtte håp om at Nordea sin profilerte oljeanalytikar skulle kome med nokre trøystande ord for alle som ser fram til ein høgare oljepris. Dei vart skuffa.
For Thina Margrethe Saltvedt meinte at det slett ikkje berre var USA sin store produksjon av skiferolje som var årsak til det store fallet i oljeprisen.
- Like avgjerande er det at OPEC no ser på marknadsandelen som like viktig som oljeprisen. Dette er ei avgjerande strategiendring frå den tidlegare kartellverksemda.
- Ingen kunne forutsjå denne endringa, sjølv om det i haust kom fleire drypp frå Saudi Arabia som peika i den retninga.
Ho viste til at OPEC i dag produserer 1 til 1,5 millionar fat olje meir enn det marknaden har behov for. Per dag.
- Snart vil USA også starte å eksportere olje. I 2005 importerte USA 60 % av sin olje, i dag er ein nede i 20 %.
Ho viste også til at den høge oljeprisen som hadde vore over lang tid hadde pressa fram satsing på andre energikjelder.
- Vind og sol har vorte mykje meir aktuelt på grunn av den høge oljeprisen vi har hatt i lang tid.
- I Norge vart det seld 18.000 elbilar i 2014. Dette talet vil fortsette å vekse.
- I Tyskland har ein som mål at det skal vere ein million elbilar på tyske vegar i 2020.
- I Kina har ein no store problem med luftforureining i mange byar. Grøn energi vil presse seg fram.
- Behovet for olje vert mindre.
På grunn av det siste fallet i oljeprisen, har Nordea auka kalkylene for investeringskutt på norsk sokkel til 20 prosent i 2015.
- Vi hadde eigentleg eit estimat på 15 prosent, men vi har i dag auka kuttestimata med ytterlegare fem prosent.
- Yme-feltet er no ute. Johan Castberg- og Gohta-felta i Barentshavet trur vi no vert sette på vent.
Derimot meinte Saltvedt at gigantfeltet Johan Sverdrup uansett ville verte bygt ut.
- Her er smertegrensa nærare 40 dollar fatet.
- Desse selskapa er avhengige av å få tilført cash, og fleire vil snart få problem med dagens lave oljeprisar.
- Og så er det også slik at nedgangstider skaper nye mulegheiter.
Han såg fleire mulegheiter på grunn av lav rente og svak krone, spesielt for eksportnæringane.
- Alt er ikkje berre kolsvart, sa han.
Den siste plansjen overraska mange av dei frammøtte.
- Det er vel sjukehuset i Molde, det då, kom det nesten unisont frå salen.
Inne i salen hadde nok mange av dei frammøtte håp om at Nordea sin profilerte oljeanalytikar skulle kome med nokre trøystande ord for alle som ser fram til ein høgare oljepris. Dei vart skuffa.
For Thina Margrethe Saltvedt meinte at det slett ikkje berre var USA sin store produksjon av skiferolje som var årsak til det store fallet i oljeprisen.
- Like avgjerande er det at OPEC no ser på marknadsandelen som like viktig som oljeprisen. Dette er ei avgjerande strategiendring frå den tidlegare kartellverksemda.
- Ingen kunne forutsjå denne endringa, sjølv om det i haust kom fleire drypp frå Saudi Arabia som peika i den retninga.
Ho viste til at OPEC i dag produserer 1 til 1,5 millionar fat olje meir enn det marknaden har behov for. Per dag.
Grøn energi
Saltvedt meinte at det fort kunne verte verre før det vert betre.- Snart vil USA også starte å eksportere olje. I 2005 importerte USA 60 % av sin olje, i dag er ein nede i 20 %.
Ho viste også til at den høge oljeprisen som hadde vore over lang tid hadde pressa fram satsing på andre energikjelder.
- Vind og sol har vorte mykje meir aktuelt på grunn av den høge oljeprisen vi har hatt i lang tid.
Elbilar
Men størst endring såg ho for transportsektoren.- I Norge vart det seld 18.000 elbilar i 2014. Dette talet vil fortsette å vekse.
- I Tyskland har ein som mål at det skal vere ein million elbilar på tyske vegar i 2020.
Aukar kuttestimata
Ho trekte også fram satsinga på ny batteriteknologi i shipping, og meinte at det ville verte eit stadig større fokus på grøn energi.- I Kina har ein no store problem med luftforureining i mange byar. Grøn energi vil presse seg fram.
- Behovet for olje vert mindre.
På grunn av det siste fallet i oljeprisen, har Nordea auka kalkylene for investeringskutt på norsk sokkel til 20 prosent i 2015.
- Vi hadde eigentleg eit estimat på 15 prosent, men vi har i dag auka kuttestimata med ytterlegare fem prosent.
Oljefelt på vent
Ho viste til at for mange større prosjekt låg det ei smertegrense på rundt 70 dollar fatet.- Yme-feltet er no ute. Johan Castberg- og Gohta-felta i Barentshavet trur vi no vert sette på vent.
Derimot meinte Saltvedt at gigantfeltet Johan Sverdrup uansett ville verte bygt ut.
- Her er smertegrensa nærare 40 dollar fatet.
Lyspunkt i USA
For dei som leitte etter lyspunkt, viste Saltvedt til at ein hadde sett dei første små teikna til reduksjon i antal riggar i USA. Ho viste også til at 85 % av skiferoljeproduksjonen i USA skjer i regi av mindre og mellomstore uavhengige aktørar.- Desse selskapa er avhengige av å få tilført cash, og fleire vil snart få problem med dagens lave oljeprisar.
- Og så er det også slik at nedgangstider skaper nye mulegheiter.
Ingen krise
Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre var langt på veg samd med Saltvedt, men han meinte at det slett ikkje var grunnlag for å lage krisestemning for Møre og Romsdal sin del.Han såg fleire mulegheiter på grunn av lav rente og svak krone, spesielt for eksportnæringane.
- Alt er ikkje berre kolsvart, sa han.
Offentleg investeringsauke
Furre såg for seg litt høgare ledigheit i 2015, men også god aktivitet i skipsbygging, i primærnæringar og ikkje minst ein kraftig vekst i offentlege investeringar.Den siste plansjen overraska mange av dei frammøtte.
- Det er vel sjukehuset i Molde, det då, kom det nesten unisont frå salen.
I Tyskland har ein som mål at det skal vere ein million elbilar på tyske vegar i 2020
Publisert: 11.12.2015 10:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40