Fleire i den maritime bransjen har hatt forventingar om at det kjem ei snarleg avklaring om korleis dei nye standardskipa til forsvaret skal byggjast.
Dei ligg an til å måtte smøre seg med tolmod.
Sidan i vår har Forsvarsmateriell venta på grønt lys frå Forsvarsdepartementet om å sette i gong eit forprosjekt for dei standardiserte fartøya.
I mellomtida har departementet hatt ei sokalla konseptvalutgreiing til politisk behandling.
– I løpet av hausten, er det mest konkrete seniorrådgivar Asgeir Spange Brekke i Forsvarsdepartementet kan seie om kva tid det neste steget i prosessen vil kome.
– Departementet jobbar med å få på plass alle nødvendige avgjersler, for å godkjenne overgangen til ein forprosjektfase, opplyser han til Nett No.
– Vidare tidsplan må vi kome tilbake til
Tidlegare er det opplyst at dei 28 fartøya skal byggjast i Norge, og oppdraga ligg an til å bli dei største for den maritime industrien i moderne tid.
Kva tid det ein industrien kan vente seg ei avgjerd om kva verft og kva for utstyrsleverandørar som vil få oppdrag med å bygge dei 28 fartøya, svarar ikkje departementet på.
– Ei avgjerd om overgang til prosjektfase kjem i løpet av 2025. Ein vidare tidsplan må vi kome tilbake til, opplyser Brekke.
Ifølgje dei første anbodsdokumenta som kom i vår, er ambisjonen at fartøya skal bli levert mellom 2028 og 2036. Med dagens framdrift er det openbert at den tidsplanen skal halde hardt.
I stor grad hemmeleg
I utgangspunktet er det snakk om 10 større skip som skal vere havgåande, og 18 mindre fartøy med sokalla kystnær plattform.
Etter at eit forprosjekt for standardfartøya er ferdig, skal det gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Etterpå kjem regjeringa til Stortinget som skal godkjenne investeringa.
Vurderingane som no gjerast, er i hovudsak gradert informasjon, som gjer at informasjonen haldast hemmeleg.
Slik vil det vere med både konseptvalutgreiinga og kvalitetssikringa som skal gjerast vidare.
Årsaka til det er omsynet til staten sin forhandlingsposisjon, opplyser seniorrådgivar Asgeir Spange Brekke i Forsvarsdepartementet.
– Det vil seie at vurderingar som er knytt til offentlegheit av prosjektet, først vil vurderast etter at kontrakt om anskaffing er inngått, legg han til.
Ønsker seg rask avgjerd
Etter at fregattavgjerda blei kjent uttalte Mafoss-leiar Jan Thormodsæter at han venta regjeringa ville kome med ei snarleg avgjerd om standardfartøya.
Tidlegare har styreleiar Eivind Reiten i Kongsberg Maritime gitt uttrykk for at han ønska at prosessen gjekk raskare.
Statssekretær Marte Gerhardsen (Ap) ville i mai ikkje vere konkret på kva tid ei avgjerd om standardfartøya kjem, utover at den ville kome i «nær framtid».
Publisert: 09.09.2025 09:56
Sist oppdatert: 09.09.2025 14:46






