Espen remme ukraina foto marius 11
INTERN DISKUSJON: Espen Remme i Aksjon for Norsk Eierskap fortel til Nett No at dei vil ta ein diskusjon om vegen vidare etter valresultatet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Formuesskatten: – Har ikkje nådd breitt nok ut

Leiaren for Aksjon for Norsk Eierskap seier dei må ta ein diskusjon om vegen vidare.

Marius Rosbach
09.09.2025

Før midnatt måndag blei det klart at raudgrøn side hadde vunne stortingsvalet og sikra Jonas Gahr Støre ei ny periode som statsminister. 

Dagleg leiar Espen Remme i Aksjon for Norsk Eierskap konstaterer at partia som vil fjerne formuesskatt på arbeidande kapital er i mindretal. 

– No må vi reorientere oss etter dei politiske realitetane, seier han til Nett No.

Er med på «alle tiltak» for å senke skatten
Kva ei slik «reorientering» kan innebere ville han ikkje spekulere i seint måndag. 

– Formålet med aksjonen har utelukkande handla om å fjerne den skadelege skatten for norske eigarar og arbeidsplassar. Og det er ikkje løyst. No må vi vurdere korleis vi skal jobbe vidare, seier Remme. 

NHO-direktør Lene Trude Solheim fortalde måndag kveld til Nett No at dei vil jobbe «knallhardt» for eit breitt skatteforlik.

Til det seier Remme at aksjonen er med på «alle tiltak» som kan redusere formuesskatten. 

– Har ikkje nådd breitt nok ut
Årsaka til at aksjonen som blei starta av Knut Flakk og Roger Hofseth ikkje fekk gjennomslag for sitt syn i det politiske fleirtalet på Stortinget, summerer han opp slik. 

– Min påstand er at vi har ikkje nådd breitt nok ut med bodskapen om urettferdigheita formuesskatten utgjer mellom norske og utenlandske eigarar, og kor viktig det er for lokalsamfunn og arbeidsplassar, seier Remme. 

– I staden har sosialistisk side spelt på at formuesskatten handlar om rikingar  som ikkje vil bidra, medan det eigentleg handlar om verdiskaping i by og bygd, legg han til. 

Publisert: 09.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 09.09.2025 01:57

Mer om