NTB 82 YSR6 Lere A
LØNNSOPPGJER: Leiar i LO Stat Egil André Aas krev eit likt kronetillegg til alle i årets lønnsoppgjer i staten. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Innbyrdes strid om prioriteringar i statsoppgjeret

LO Stat krev reallønnsvekst gjennom eit likt kronetillegg. Unio og Akademikerne vil at høgt utdanna blir prioriterte.

27.04.2023

(NPK-NTB-Bibiana Piene) – Delar av staten slit med å behalde og rekruttere høgt utdanna, og lønnsgapet mellom offentleg og privat sektor aukar. Denne utviklinga må snuast, seier Kari Tønnessen Nordli, leiar for Akademikerne stat.

Ho krev reallønnsvekst for sine over 42.000 medlemmer.

– Utdanning må lønne seg
Nordli fryktar at staten framover vil tape konkurransen om høgt utdanna. Enkelte grupper kan få opptil 40 prosent høgare lønn i det private.

– Samtidig veit vi at lønnsforskjellane internt i staten er mindre enn i resten av arbeidslivet. Høg utdanning må lønne seg også i staten, for at sektoren skal halde fram med å vere ein attraktiv arbeidsplass for høgt utdanna, seier Nordli.

Også Unio fryktar at staten ikkje vil klare å rekruttere og behalde viktig kompetanse.

– Dei med høgare utdanning i staten har hatt dårleg lønnsutvikling dei siste åra. Dei har tapt på fleire frontar. Årets oppgjer må snu trenden, seier forhandlingsleiar Guro Lind i Unio stat.

Ho forhandlar på vegner av over 36.000 Unio-medlemmer i mellom anna politiet, forsking og høgare utdanning.

I motsetning til dei andre hovudsamanslutningane krev Akademikerne også at lønnsforhandlingane skal skje lokalt på kvar enkelt arbeidsplass.

Dei har tapt på fleire frontar. Årets oppgjer må snu trenden
Guro Lind

Vil ha sentralt oppgjer
LO Stat vil derimot ha eit sentralt oppgjer med eit likt kronetillegg til alle. Det inneber at lågtlønte prosentvis kjem betre ut av oppgjeret.

– Vi har alltid meint at generelle tillegg er det beste verkemiddelet for å sørgje for ei rettferdig fordeling i tariffoppgjera. Like kronetillegg varetek alle, gir god likelønnseffekt og motverkar aukande lønnsforskjellar generelt, seier Egil André Aas, leiar i LO Stat.

Torsdag klokka 10 overleverte LO, som representerer over 43.000 tilsette i staten, krava sine til lønnsoppgjeret.

I år er det kanskje viktigare enn nokon gong at vi løftar heile lage
Egil André Aas

Vil løfte heile laget
Dei siste åra har ein større del av oppgjeret vorte flytta til lokale forhandlingar. Det medfører at store delar av arbeidstakarane får reallønnsnedgang, sjølv om ramma tilseier at det skal vere ein auke, skriv LO Stat i det innleiande kravet sitt.

Derfor krev LO at heile den disponible ramma blir fordelt som generelle tillegg på hovudlønnstabellen, fordelt som eit likt kronetillegg.

– I år er det kanskje viktigare enn nokon gong at vi løftar heile laget, seier Aas, som viser til at både prisar og renter aukar.

– Vi toler ikkje eit nytt år med reallønnsnedgang, seier han.

– Fordeling det viktigaste
Resultatet i frontfagsoppgjeret enda på 5,2 prosent, som altså blir ramma for årets oppgjer.

– Det er lett å sjå seg blind på ei økonomisk ramme i eit tariffoppgjer, og oversjå at fordeling av midlane er det viktigaste. Denne streiken handla nettopp om å vareta alle gjennom høge sentrale tillegg. LO-familien stod samla bak kravet og vann fram. No er det vår tur til å følgje opp dette viktige prinsippet, seier Aas.

Publisert: 27.04.2023 14:12

Sist oppdatert: 27.04.2023 14:12

Mer om