Jan Magnus Kleven - alvorlig - Bunker Oil foto Marius 3
NEDGANG: Jan Magnus Kleven meiner CO2-avgifta på drivstoff til fiskeflåten er mykje av forklaringa på inntektsnedgangen i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Inntektsfall på 699 millionar

Bunker Oil merkar CO2-avgiftseffekten.

24.07.2025

I februar i år sa Bunker Oil-sjef og medeigar Jan Magnus Kleven til Nett No at han selskapet hadde ein inntektsnedgang i 2024, og det ikke var tvil om at den særnorske avgifta CO2-avgifta på drivstoff til fiskeflåten spelar inn, som følgje av at mange reiarar fyller drivstoff i utlandet.

No er tala offentlege, og viser ein inntektsnedgang på 699 millionar kroner.

Større svingingar
Fram til hausten 2024 låg drivstoffprisane stabilt høgt, men deretter byrja dei å falle og svinge meir, ifølgje årsmeldinga. Saman med uvisse om krav til kor mykje biodrivstoff som skal brukast gjer det drifta meir utfordrande. 

Fiskeflåten er den viktigaste kundegruppa, men selskapet driv og eit nett av bensinstasjonar. Dei ligg utenfor dei større byane og Bunker Oil ventar difor ein mindre nedgang i den totale marknaden, fordi det er i dei større byane etterspørselen fell mest.

Kunne blitt verre
Bunker Oil har fleire gangar åtvara mot konsekvensen av den særnorske CO2-avgifta for fiskeflåten, og mellom anna argumentert med at den er eit trugsmål mot beredskapen fordi den riv grunnen unna drifta av drivstoffstasjonar langs kysten, og spesielt i Nord Noreg.

Ei regelendring som gjorde det uråd for norske fiskefartøy å fylle avgiftsfritt i Noreg vart innført frå 1. juli i år. Det var ei innskjerping av regelverket, som skulle gjere det uråd å sleppe avgifta ved å fylle i Noreg og deretter går til utlandsk hamn og starte fisket derifrå. 

Etter berre tre veker vart regelendringa utsett til årsskiftet. Hadde den blitt ståande kunne det bety at Bunker Oil miste ein tredjedel av inntektene sine fordi fiskefartøya då ville fylle drivstoff i utanlandske hamner eller frå tankskip i internasjonalt farvatn. 

Familieeigd
Bunker Oil er det største selskapet i Robust 1-konsernet som er eigd av Kleven-familien i Ålesund.

Jan Magnus Kleven eig 52 prosent av aksjane i Robust 1, med Maren Kleven Fox, Magnus Hustad Kleven og Morten Hustad Kleven eig 16 prosent kvar gjennom eigne selskap.

Bunker Oil as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt9240,69939,3
Driftsresultat119,0133,7
Resultat før skatt117,5130,7

Publisert: 24.07.2025 10:35

Sist oppdatert: 24.07.2025 10:35

Mer om