Jan Magnus Kleven Bunker Oil foto Marius 1
ÅLESUND: Bunker Oil har hovudkontor i Ålesund og bunkringsanlegg for skipsfarten ein rekke plassar langs kysten. Dagleg leiar og eigar Jan Magnus Kleven fortel at dei merkar mindre aktivitet som følgje av CO2-avgifta.
Nytt

Flukta frå CO2-avgifta gir utslag i rekneskapen

– Det er nesten kriminelt, seier Bunker Oil-sjefen om den politiske handteringa av klimagrepet.

Marius Rosbach
24.02.2025

Bunker Oil-sjef Jan Magnus Kleven merkar dagleg konsekvensane av at fiskeflåten også må betale CO2-avgift

Resultatet er blitt ei stor auke i norske fiskebåtar som på ulike måtar omgår avgifta ved å segla omvegar – som fører til auka utslepp. 

– Problemet er at grunngjevinga er at det skal vere eit klimatiltak. Også skjer akkurat det motsette. Då er det på tide å vakne, seier Kleven. 

Bunker Oil tank drivstoff tankbil Hessa foto Marius
HOVUDBASEN: Bunkringsanlegget på Hessa er basen for Bunker Oil - det største selskapet i Møre og Romsdal målt etter omsetning. Foto: Marius Rosbach

Bunkrar i utlandet eller til havs
Bunker Oil-rekneskapen for 2024 er ikkje offentleg enno, men Kleven fortel at det blir ein nedgang i omsetninga. Han er ikkje tvil om at den særnorske avgifta spelar inn som følgje av at mange no fyller drivstoff i utlandet. 

– Da slepp du avgiftene. Anten det, eller du kan bunkre frå ein tankbåt ute i havet, seier Kleven – og minner om at det skjer under forhold der ein på langt nær har same kontroll på utslepp som følgje av uhell, som ved eit anlegg på land.

Ei anna måte å omgå avgifta på, er å fylle avgiftsfritt i Noreg. Det kan gjerast dersom fartøyet deretter går til ei utanlandsk hamn - og startar fisketuren derifrå. Det gjer at fiskebåtane seglar lengre – som gir meir utslepp. 

Har inntrykk av at politikarane forstår
Bunker Oil har hovudkontor i Ålesund og bunkringsanlegg for skipsfarten ein rekke plassar langs kysten. Dei har også stasjonar for drivstoff langs vegane i regionen.

– Vi har teke opp konsekvensane med politikarar frå ulike parti fleire gonger, seier Kleven.

Han har inntrykk av at dei fleste forstår situasjonen og er oppgitt over at det ikkje er kome ei løysing på bordet. 

– Det er nesten kriminelt om ein sitt som ansvarleg politikar og skal gjere det beste for landet, og ser at ting tydeleg er feil, men likevel berre «lar humla suse».

Jan Magnus Kleven - alvorlig - Bunker Oil foto Marius 3
OMGÅR AVGIFTA: Bunker Oil-sjef Jan Magnus Kleven meiner CO2-avgifta verkar mot sin hensikt og viser til at fleire no seglar lengre avstandar – og slepp ut klimagassar – for å unngå avgift. Foto: Marius Rosbach

Høgre i Møre og Romsdal vil skrote avgifta
Det høyrer med til historia at fiskeflåten meiner dei ikkje har noko gode alternativ til dieselmotorar om bord. 

Organisasjonen Fiskebåt som representerer den havgåande fiskeflåten, har også vore tydelege på at det har vore ein markert auke i norske fiskebåtar som finn alternative måtar å fylle på - for å omgå avgifta. 

Til no har det likevel vore eit breitt fleirtal for CO2-avgifta, men nyleg har Møre og Romsdal Høgre gått inn for å skrote avgifta. Herøy-politikar Carl Henrik Moltumyr peika på ei rekke grunnar til at partiet vil ha vekk avgifta. 

Dei meiner situasjonen både skapar urettferdige konkurransevilkår der utanlandske aktørar blir favoriserte, som igjen kan gi tapte arbeidsplassar langs kysten - i tillegg til at det gir det auka drivstofforbruk og CO2-utslepp.

– Merker nedgang i volumet
Målt etter omsetning har Bunker Oil i ei årrekke vore det største selskapet i Møre og Romsdal, og driftsinntektene har dei siste åra vore kring ti milliardar kroner. Resultatmarginen enda på 1,3 prosent i 2023. 

Kleven skulle gjerne sett den var høgare, men sa seg likevel nøgd med dei utfordringane bransjen har møtt.

– Resultatet i 2024 blei på nivå med dei siste åra. Men vi merker nedgang i volumet, spesielt nordpå. Det skuldast ei lang periode då veldig mange bunkra ute på havet, fordi det var usikkerheit kring kva som var rekna som utanriksfart, seier Kleven. 

Blei tekne på senga av innføringa
Nett No har tidlegare fortald at Bunker Oil blei teke på senga då regjeringa gjekk inn for at CO2-avgifta på diesel, også skulle omfatta drivstoff til fiskebåtar som fiskar utanfor 250 nautiske mål frå kysten og for skip som går til utlandet. 

Desse fartøygruppene er store og viktige kundar for Bunker Oil.

– For vår del er dette eigentleg ganske kritisk. Viss det får halde fram slik, så er spørsmålet om vi vil ha noko bunkringsindustri igjen i Norge etter nokre år, seier han. 

Kan få konsekvensar for beredskapen
Kleven påpeiker at utviklinga kan få konsekvensar for beredskapen. Det er eit tilleggsmoment som er blitt meir aktuell. 

 Bunker Oil forsyner i dag heile det norske sjøforsvaret med drivstoff, og er med i puslespelet om den norske forsvarsevna. 

– Hvis vi ikkje får den aktiviteten vi treng, så må vi begynne å legge ned anlegg, seier han. 

Publisert: 24.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 23.02.2025 16:52

Mer om