Brunvoll thrusterar Molde foto Ogne
EKSPORT: Thrusterar frå Brunvoll har ein internasjonal marknad. Selskapet har ein eksportandel på mellom 70 og 90 prosent. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Inntektsrekord for Brunvoll-selskap

Dei to største selskapa i konsernet har meir enn dobla inntektene sidan 2022.

28.04.2026

Den maritime utstyrsleverandøren ventar vidare vekst også i år, går det fram av rekneskapa for 2025 som no er offentlege.

Dei to største selskapa i konsernet, Brunvoll i Molde og Brunvoll Volda i Volda, hadde begge sterk vekst i fjor (sjå tabell under). Samla har selskapa meir enn dobla inntektene sine sidan 2022. 

Dei to selskapa hadde høvesvis 442 og 152 tilsette i fjor. 

Det tredje største produksjonsselskapet, Brunvoll Mar-El med adressse i Dalen på Austlandet, hadde inntektsnedgang og redusert overskot. 

God ordrereserve
Konsernrekneskapen er ikkje offentleg enno.

Men konsernsjef Kåre Øyvind Vassdal sa allereie i februar i år at 2025 vart eit nytt toppår, med omlag 2,4 milliardar kroner i driftsinntekt og betra lønsemd samanlikna med 2024. 

– Ordrereserven totalt sett for Brunvoll er bra, også sett i et historisk perspektiv, sa han.

Utvidar i Molde
I Molde arbeider Brunvoll både med å førebu ei utviding ved fabrikken ved hovudkontoret og eit nytt fabrikkbygg til 80 millionar kroner i Årødalen.

Det nye bygget blir på 5500 kvadratmeter og skal romme lager og lokale til skjæringa av stålplater og kapping av rør og akslingar, fortel selskapet til Romsdals Budstikke.

Brunvoll as  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt1779,91308,6
Driftsresultat158,6129,5
Resultat før skatt163,6133,3
   
Brunvoll Volda as  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt597,7499,1
Driftsresultat51,523,3
Resultat før skatt54,524,4
   
Brunvoll Mar-El as  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt160,3185,7
Driftsresultat4,924,8
Resultat før skattt7,324,7

Publisert: 28.04.2026 09:38

Sist oppdatert: 28.04.2026 09:38

Mer om