Per Jørgen Silden dgl Skipskompetanse foto Ogne
VEKST: Går det som Skipskompetanse-sjef Per Jørgen Silden trur blir det fleire folk i selskapet både på kontoret i Måløy og i Fosnavåg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Inntektsrekord for Skipskompetanse

Skipskompetanse-sjef Per Jørgen Silden er på jakt etter fleire folk, etter ny inntektsrekord i fjor. Bransjen går bra.

25.08.2022

Skipsdesignselskapet Skipskompetanse i Måløy har hatt ein stigande trend sidan 2014. Frå 2020 til 2021 auka driftsinntektene med 50 prosent. Fjoråret blei også eitt av dei mest lønsame selskapet har hatt (sjå tabell).

Også 2022 ligg an til å bli eit godt år.

- Det er ikkje så ulikt fjoråret, seier dagleg leiar og eigar Per Jørgen Silden om korleis det går i 2022.

Berre tre av dei 14 skipsdesignselskapa i NETT NO si oversikt hadde minustal i fjor (sjå tabell).

10 av selskapa auka driftsinntektene og ni av selskapa betra lønsemda frå 2020 til 2021.

Utvidar for vekst
Skipskompetanse har 20 tilsette på hovudkontoret i Måløy og har nyleg utvida kontoret i Fosnavåg frå ein til fem tilsette.

Utvidinga av kontoret på Sunnmøre blir gjort mellom anna for å lette rekrutteringa.

- Vi er frå ein liten plass og det å skaffe rette kompetansen er ei utfordring, seier Silden.

Silden vil ikkje stoppe med den planlagte utvidinga på Sunnmøre, men vil ha fleire folk både der og i Måløy.

- Vi har ein definert vekstplan, seier han, utan å ville tid- eller stadfeste planen.

I dag er det fartøy til fiskeri og oppdrett som er marknaden for Skipskompetanse, men Silden seier selskapet også leitar etter andre marknader for å få eit bein til å stå på.

Ute av Russland
Skipskompetanse har hatt store oppdrag for russiske kundar, men var ferdig med slike engasjement då krigen i Ukraina tok til i februar i år.

Selskapet hadde imidlertid fem tilsette på kontoret sitt i St. Petersburg i Russland. Det er avvikla etter at krigen starta.

Oppbemanninga som skjer i Noreg er berre delvis ei erstatning for dei tilsette i Russland, fordi selskapet no er uten etter ein annan kompetanse enn det ein hadde i Russland, seier Silden.

Tre skipsdesignselskap
I tillegg til Skipskompetanse i Måløy har gamle Vågsøy to andre skipsdesignselskap, Seacon i Måløy og Naval Consult på Raudeberg.

Dei er ein del av ein bransje som er spreidd langs heile kysten, med eit tyngdepunkt på Nordvestlandet og i Sunnhordland.

I tillegg til skipsdesignselskapa i gamle Vågsøy kommune har Skipsteknisk, Ulstein Design & Solutions, Vard Design, Marin Teknikk, Tomra Engineering og Solstrand Trading adresse på Nordvestlandet.

Den siste tilveksten til skipsdesignbransjen på Nordvestlandet er Sirius Design & Integration i Ålesund. Selskapet blei etablert i 2021 og kunngjorde under Nor-Fishing-messa denne veka eit samarbeid og eit oppdrag med Fitjar Mek. Verksted og Volt-reiarlaget.

Også Kongsberg Maritime har avdeling for skipsdesign, men den verksemda er ikkje skilt ut i eige selskap og tal for inntekter og resultat er ikkje tilgjengleg.

Tala frå dei ulike selskapa i tabellen kan ikkje samanliknast direkte. Både Ulstein Design & Solutions og Hav Design sel utstyrspakkar i tillegg til designarbeid. NSK Ship Design utfører også inspeksjonsarbeid.

Etter at denne artikkelen blei publisert blei det opna konkurs i Naval Consult

Skipsdesignselskap
Tal i mill. kroner
DriftsinntektRes. f. skatt
Selskap2021202020212020
Hav Design621,0244,092,311,6
Ulstein Design & Solutions226,4178,99,8-32
Skipsteknisk169,1102,35714,8
Salt Ship Design165,5154,343,734,6
NSK Ship Design110,577,73320,2
Vard Design54,7112,13,710,1
Skipskompetanse42,628,3124,1
Marin Teknikk37,283,9-52,8
Multi Maritime31,942,8-12,3-5,6
Breeze Ship Design14,50,32,2-0,1
Tomra Engineering9,46,431,4
Solstrand Trading7,55,62,32,1
Naval Consult6,2
0,5
Seacon4,75-1,3-0,8
Sum1495,01047,7240,461,5

Publisert: 25.08.2022 15:56

Sist oppdatert: 11.09.2023 19:10

Mer om