Håvar Risnes foto Ogne
FLEIRE VIL PRØVE: Håvar Risnes i Åkp lanserte Folkeinvest for investorar og gründerar på Nordvestlandet. Han trur fleire vil bruke den måten å hente kapital på som Folkeinvest legg opp til. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Inseanergy-emisjonen gir meirsmak

- Det er fleire som kjem til å følgje i Inseanergy sine fotspor, seier Håvar Risnes i ÅKP.

11.01.2022

Risnes er leier for næringsutviklingsselskapet Åkp sine program for nyetablerte og vekst-bedrifter, StartUp & ScaleUp.

Det var Risnes som introduserte Folkeinvest på Nordvestlandet, gjennom arrangement Founders Lunch i 2018. Folkeinvest er selskapet Inseanergy brukte for å legge til rette for kapitalutvidinga der Inseanergy fekk inn 30 millionar kroner.

Det er den neste største kapitalutvidinga i Folkeinvest-regi og kapitalutvidinga var fullteikna før det hadde gått fire døgn.

Meirsmak
- Dette trur eg vil gi meirsmak både for selskap og investorar, seier Risnes om konsekvensen av kapitalutviding-suksessen til Inseanergy.

I dag har Folkeinvest blitt ein plattform også med mange industriselskap, som har henta inn pengar, eller er på veg til å gjere det. Det er ei spennande utvikling, seier Risnes.

Inseanergy-sjef Jan Erik Våge Klepp sa til NETT NO at erfaringane til selskapet Wavefoil var med på å gjere at Inseanergy valde å hente inn pengar gjennom Folkeinvest sin plattform.

Wavefoil er eit selskap som spring ut av teknologimiljøet i Trondheim, men som har etablert seg også i Ålesund. Selskapet lagar ein venge som kan fellast ut av skipsskroget og gi rolegare og meir energieffektiv gange. Wavefoil har henta inn eigenkapital gjenom Folkeinvest i to omgangar, først fire millionar kroner og deretter 18 millionar.

Lav terskel
660 investorar teikna seg i kapitalutvidinga til Inseanergy.

Maksimalbeløpet ein investor kunne teikne seg for var sett til fem millionar kroner, minimumsbeløpet 4811,60 kroner. Terskelen for å bli medeigar er dermed sett så lavt at det i praksis er ope for så godt som alle.

- Det er spennande å sjå korleis proffe investorar og meir uerfarne finn saman, seier Risnes.

330 millionar kroner
Fjerde kvartal 2020 blei det store gjennombrotet for Folkeinvest, og i 2021 blei det gjennomført 53 kapitalutvidingar på til saman 330 millionar kroner, sar dagleg leiar Øyvind Fries i Folkeinvest til NETT NO i førre veke.

Etter at Fries lanserte Folkeinvest-idene for investorar og gründarar på Nordvestlandet i 2018 stoppa Finanstilsynet verksemda mellombels. Grunnen var at tilsynet måtte har konsesjon som eit verdipapirforetak. Etter ti månadar, i august 2019, fekk Folkeinvest konsesjonen som måtte til ifølgje E24.

I fjor fekk Folkeinvest melding frå Finanstilsynet om å betre informasjonen til investorane om risikoen knytt til investeringane.

Les rapporten her, med utdrag av Folkeinvest sitt tilsvar, og Finanstilsynet si endlege vurdering.

Finanstilsynet tok Folkeinvest sine tilbakemeldingar til etterretning. "Folkeinvest har lukket alle identifiserte forbedringstiltak i forbindelse med tilsynet", skreiv Folkeinvest i ei pressemelding.

Publisert: 11.01.2022 15:47

Sist oppdatert: 12.01.2022 08:09

Mer om