Inseanergy-emisjonen fullteikna
Nådde målet om 30 millionar kroner.
Klokka 09:15 i dag, søndag 9. januar var kapitalutvidinga i Inseanergy fullteikna.
Teikningsperioden starta onsdag 5. januar og allereie i løpet av få timar hadde investorar teikna seg for 20,1 millionar kroner. Det var minimumsbeløpet selskapet hadde sett for å gjennomføre kapitalutvidinga.
Målet for kapitalutvidinga var å få inn inntil 30 millionar, og det taket vart altså nådd i dag tidleg.
Inseanergy hentar inn kapital gjennom Folkeinvest, eit selskap som har spesialisert seg på kapitalinnhentingar til små- og nye bedrifter, frå mange og små aksjonærar.
Kapitalutvidinga til Inseanergy er den neste største kapitalutvidinga i Folkeinvest-regi.
I alt 657 investorar har teikna seg for å få aksjar. Til saman vil dei eige 60 prosent av selskapet når kapitalutvidinga er gjennomført.
I 2026 skal Inseanergy selje for 860 millionar kroner og få eit resultat før skatt på 126 millionar kroner i følgje prospektet til investorane.
Ideen til Inseanergy er å bygge og vedlikehalde solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder. Målet er å utnytte oppdrettsmerdae som ellers skal skrapast, og forsyne oppdrettsanlegg med straum.
Publisert: 09.01.2022 12:34
Sist oppdatert: 10.01.2022 12:18