Det 180 meter lange offshoreskipet var manøvrert attende til utrustingskaia ved Vard-verftet i Brattvåg klokka 00:30 natt til i dag, i følge kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard.
Skipet blir no klargjort slik at utrustningarbeidet kan gå som planlagt på mandag.
Kraftige kastevindar frå fleire kantar førte til at fortøyningane rauk tidlegare på kvelden. To slepebåtar som Vard hadde leigd inn for å vere i beredskap i uveret ble brukt til å halde kontroll på skipet i vågen i Brattvåg.
Skroget kom frå Vard sitt skrogverft i Romania for å bli utrusta i Brattvåg, og vart slept på plass i midten av desember ifjor.
Skipet blir no klargjort slik at utrustningarbeidet kan gå som planlagt på mandag.
Inspeksjon
Skipet blir no inspisert for å kartlegge omfanget av eventuelle skadar. Akselvoll seier det er er for tidleg å seie noko om eit eventuelt skadeomfang.Kraftige kastevindar frå fleire kantar førte til at fortøyningane rauk tidlegare på kvelden. To slepebåtar som Vard hadde leigd inn for å vere i beredskap i uveret ble brukt til å halde kontroll på skipet i vågen i Brattvåg.
Skroget kom frå Vard sitt skrogverft i Romania for å bli utrusta i Brattvåg, og vart slept på plass i midten av desember ifjor.
Publisert: 30.01.2016 13:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52