Internasjonal skipsbyggjarar-konferanse i Ulsteinvik
I tre maidagar på rad skal skipsbyggjarar frå heile Europa fordjupe seg i ny teknologi på ein konferanse i Ulsteinsvik.
Bak "Ship Technology Days" står Ulstein Næringsforum, GCE Blue Maritime Cluster i Ålesund og E-Lass.
E-Lass er ein europeisk organisasjon for aktørar som arbeider med lettvektskonstruksjonar i skipbygging, og arrangerer sine samlingar i heile Europa.
10-12 mai er det Ulsteinvik som er samlingsplassen, med GCE Blue Martime Cluster og Ulstein Næringsforum som medarrangør.
Eit "nerdetreff for skipsbyggarar", kallar arrangøren konferansen i ei pressemelding.
Årleg samling
Målet for GCE Blue Maritime Cluster og Ulstein Næringsforum er å få til ein årleg konferanse i Ulsteinvik for å knytte det norske skipsbyggjarmiljøet til det europeiske, seier dagleg leiar Daniel Garden i den norske maritime klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime Cluster.
Poenget med å etablere slike kontaktar er mellom anna å gjere det lettare for norske aktørar å bli eller finne partnarar i EU-finansierte maritime teknologiutviklingsprosjekt.
Denne gangen er det E-Lass som er samarbeidspartnar, men Ulstein Næringsforum og GCE Blue Maritime Cluster satsar på å varierande europeiske samarbeidspartnarar framover.
Ulsteinvik som konferanseby
Garden seier det har vore arbeidd for å få ei samling i regi av E-Lass til Ulsteinvik sidan før korona-pandemien kom. Pandemien sette arrangementet på vent, men no blir det.
Før han ble dagleg leiar i GCE Blue Maritime Cluster var han dagleg leiar i Ulstein Næringsforum, og arbeidde mellom anna for å etablere Ulsteinvik som eit konferansesentrum.
Publisert: 12.04.2022 11:05
Sist oppdatert: 12.04.2022 11:05