Intership dobla overskotet
Intership-sjef Ole Peter Brandal lova at 2020 skulle vise fram lønsemda i brønnbåtreiarlaget - og heldt ord.
– 2020 var det første året det var synleg at vi hadde veldig god lønsemd, sa Intership-sjefen tidlegare i år.
Les også
Resultatet før skatt blei over dobla i fjor samanlikna med 2019, til 67 millionar kroner (sjå tabell) viser årsrapporten for 2020. Auken skuldast delvis ein valutagevinst, men og auka driftsmargin (driftsresultat i prosent av driftsinntekter).
I fjor var driftsmarginen 34 prosent. Forventningane er å nå 40 prosent driftsmargin som normalnivå. Korrigerte for valutagevinsten blir lønsemda i år omlag som i fjor seier Brandal.
Intership as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 243,0 | 217,0 |
Driftsresultat | 83,2 | 66,0 |
Resultat | 66,8 | 28,8 |
Fleire båtar
I dag har Intership sju båtar i arbeid og to under bygging. Innan fem år er selskapet oppe i 12-14 brønnbåtar i arbeid, anslår Brandal.
Den største veksten vil kome i den norske marknaden, ventar Brandal. I dag er berre to av dei sju båtane i arbeid i Noreg, dei andre spreidd på den skotske, islandske, canadiske og chilenske marknaden,
Den nye båt som vart sett i arbeid i Chile i slutten av 2020 vil gi ein auke i driftsinntektene på omlag 30 prosent i år, der båten vil gi inntekter eit heilt driftsår.
Fleire sjøfolk
Intership har drygt 100 tilsette. Når dei to brønnbåtane som er under bygging i Spania blir levert i løpet av 2022 skal reiarlaget tilsette fleire sjøfolk.
Mannskapssjef Marius Brandal reknar med at dei kan trenge opptil 100 nye sjøfolk i løpet av dei neste åra.
– På kort sikt treng vi vikarar, men neste år får vi først levert ein båt som skal gå i Canada, og i hovudsak blir bemanna med kanadiarar. Etterpå får vi ein båt der vi truleg skal ha nordmenn, sa mannskapssjefen til NETT NO i april i år.
Publisert: 15.06.2021 16:16
Sist oppdatert: 15.06.2021 16:32