Reiarlag i vekst og på flyttefot
Intership har passert 100 tilsette, men nye brønnbåtar gjer at talet kan doble seg dei neste åra.
Brønnbåtreiarlaget Intership på Hareid har fleire nye brønnbåtar under bygging, som gjer at selskapet reknar med å halde fram veksten.
Men det første som står på tapetet for dei tilsette, er å pakke sakene sine og flytte nokre steinkast vestover til Raffelneset, der mellom anna Hareid Group held hus.
– Vi flyttar no i helga, slik at første arbeidsdag i nytt lokale er på måndag, fortel mannskapssjef Marius Brandal til NETT NO.
Brønnbåtselskapet som blei starta opp i 2014 har til no hatt hovudkontor ved hurtigbåtkaia på Hareid. Dei har også avdelingskontor i Chile.
Les også
Ny båt får truleg norsk mannskap
Intership som per i dag har drygt 100 tilsette, har to brønnbåtar under bygging ved spanske verft. Når nybygga blir levert i løpet av 2022 skal reiarlaget bemanne opp.
Mannskapssjef Marius Brandal reknar med at dei kan trenge opptil 100 nye sjøfolk i løpet av dei neste åra.
– På kort sikt treng vi vikarar, men neste år får vi først levert ein båt som skal gå i Canada, og i hovudsak blir bemanna med kanadiarar. Etterpå får vi ein båt der vi truleg skal ha nordmenn, fortel Brandal til NETT NO.
Då vil reiarlaget har ni brønnbåtar i drift i Norge, Chile, Skottland, Island og på aust- og vestkysten av Canada.
Det er utan tvil ein god del som er klare for å søke seg til desse jobbane
Merkar auka pågang
Mannskapssjefen fortel at dei for augneblinken er på jakt etter ein 1. styrmann til britisk sektor. Og at det av og til kan vere utfordrande å skaffe rett folk, om prosessen må skje raskt. Men generelt får dei god respons frå relevante søkjarar.
– Det er utan tvil ein god del som er klare for å søke seg til desse jobbane, fortel Brandal.
Dei har merka at koronapandemien har gjort at fleire er på utkikk etter jobb i ein vekstbransje, som brønnbåtreiarlaga representerer.
– I løpet av det siste året har vi både opplevd at ein del permitterte har teke kontakt med oss for å høyre om jobb. Samtidig har det vore fleire som har vore sjølvstendige, men som no innser at det kan vere fornuftig med ein fast jobb, fortel Brandal.
Fleire nytilsette på landsida
Reiarlaget har også tilsett ein handfull nye folk på landsida i løpet av dei siste månadene. To nye tekniske inspektørar, ny lønns- og rekneskapsmedarbeidar
Siste tilskot er Roger Dyb som nyleg starta som teknisk inspektør. Også Øystein Henriksen starta i vinter som teknisk inspektør, medan Bodil Flatval er ny løns- og rekneskapsmedarbeidar og Bjørn Roni Pedersen er tilsett som it-konsulent.
Ny teknisk sjef er Oddgeir Husøy medan Joar Gjerde starta som marknadssjef i reiarlaget i førre månad.
«Eit veldig godt år»
2020-resultatet for reiarlaget er ikkje gjort offentleg enno, men dagleg leiar Ole Peter Brandal fortalde til NETT NO i januar at det blei «eit veldig godt år».
Etter fleire år med kraftig vekst, meiner Brandal dei er over i ei ny fase, der lønnsemda vil bli synleg i rekneskapane.
– 2020 var det første året det var synleg at vi hadde veldig god lønsemd, sa Intership-sjefen.
Publisert: 28.04.2021 12:02
Sist oppdatert: 15.06.2021 14:15