Ole Peter Brandal Sverre Taknes Foto Intership Aquaship
GÅR SAMAN: Intership-reiar Ole-Peter Brandal (t.v.) saman med Sverre Taknes i Aquaship. Foto: Intership/Aquaship
Nytt

Intership går inn i nytt stort reiarlag

Hareid-reiarlaget slår seg saman med Aquaship.

Marius Rosbach
18.12.2023

Aquaship og Intership slår seg saman til eitt stort reiarlag med fartøy i alle segmenta innan havbruk. Det opplyser selskapa i ei pressemelding måndag.

Med Aquaship sine 28 ulike fartøy og Intership sine ni brønnbåtar, blir det nye selskapet mellom dei største i verda på sitt felt.

Til saman vil det nye selskapet få ein flåte på 39 fartøy, ettersom Intership har to nye brønnbåtar under bygging. Reiarlaget vil ha nærare 700 tilsette, som vil vere på arbeid i Chile, Storbritannia, Irland, Canada og Norge.

Investeringsfond kjem inn som ny eigar
Det samanslåtte selskapet vil ha ny majoritetseigar i ryggen, American Industrial Partners, som er eit investeringsfond.

Det fusjonerte selskap skal leiast av administrerande direktør Sverre Taknes med base i Kristiansund, og arbeidande styreleiar Ole-Peter Brandal som vil ha base i Hareid.

Ifølgje meldinga bringer fusjonen saman to komplementære selskap, som saman vil ha betydelege sterkare finansielle musklar. Situasjonen gjer det mogleg med ambisiøse vekstplanar i ein marknad prega av auka etterspurnad, heiter det vidare.

Intership-eigar sel sin del
Det London-baserte investeringsselskapet Alchemy har vore største aksjonær i Intership dei siste åra. Dei har no selt sin eigarpost i transaksjonen.

ALIP, som har vore største aksjonær i Aquaship, skal framleis ha ein betydeleg eigardel i det nye selskapet.

Også leiinga frå dagens Intership og Aquaship-selskap vil vere betydelege aksjonærar.

Ser «betydelege synergieffektar»
Alex Schukin som er partnar i American Industrial Partners, fortel at dei investerer i selskap som er verdsleiande i sine sektorar, og har eit betydeleg potensiale som ikkje er utnytta.

– Dette er verkeleg ein slik moglegheit, med betydelege synergieffektar, uttaler han i meldinga.

Intership vart starta i 2014 av gründerane Ole-Peter Brandal, Håvard Johannes Grøntvedt og Kjetil Opshaug. Brønnbåtreiarlaget omsette for nær 280 millionar kroner i fjor. Reiarlaget hadde 137 tilsette i arbeid i fjor.

Aquaship med base i Kristiansund har både brønnbåtar, hjelpefartøy, fôrbåtar og servicebåtar i sin flåte. Dei omsette for nær 480 millionar kroner i fjor (sjå tabell under).

Intership (konserntal)
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
278,7
277,4
Driftsresultat
96,7
91
Resultat før skatt
48,2
36,3
Aquaship (konserntal)
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
447,8
447,9
Driftsresultat
34,4
73,9
Resultat før skatt
27,9
63,5

Publisert: 18.12.2023 12:15

Sist oppdatert: 18.12.2023 13:07

Mer om