Intership Benjamin Reite Joar Gjerde Ole Peter Brandal foto Intership 11
SKAL UTVIDE FLÅTEN: Intership-reiar Ole Peter Brandal, saman med Benjamin Reite og Joar Gjerde, som begge har sentrale roller i reiarlaget i Hareid. Foto: Intership
Nytt

Har tre båtar under bygging – og planlegg fleire

Ny vekst for Hareid-reiarlag, men valutatap og høg rente svekka lønnsemda.

Marius Rosbach
21.07.2023

Etter at dei fekk brønnbåten Inter Atlantic levert i vår, har Hareid-reiarlaget ein flåte på åtte fartøy.

Reiarlaget har også tre andre båtar under bygging - eit nybygg frå det spanske Zamakona-verftet, i tillegg til to nybygg frå Sefine-verftet i Tyrkia. Investeringane summerer er på fleire milliardar.

I årsrapporten for 2022 går det fram at reiarlaget ikkje har tenkt til å nøye seg med det – og planlegg å utvide flåten ytterlegare framover.

Ventar normalisering
Styret skriv i årsrapporten at det er mange brønnbåtar under bygging, som vil fylle behovet for nye båtar globalt.

Førebels er det framleis behov for fleire båtar, men reiarlaget ventar ei normalisering dei neste åra.

Intership-båtane har i snitt kontraktar som strekk seg to og eit halvt år fram i tid.

Valutatap og høgare rente
Rekneskapen for 2022 som no er klar, viser nytt rekordomsetning – med ei auke på ein dryg million kroner – samanlikna med 2021 (sjå tabell under).

Driftsresultatet vart svært godt med meir enn 96 millionar i pluss – men mykje blei «spist» opp av finanskostnader på meir enn 62 millionar kroner.

Valutatap og høgare rentekostnader knytt til nybyggingsprogrammet, blir oppgitt som årsak.

Resultat før skatt på 48 millionar gir likevel ein resultatmargin på solide 17 prosent.

Intership (konserntal)
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
278,7
277,4
Driftsresultat
96,7
91
Resultat før skatt
48,2
36,3

Verftsopphald og lågare utnytting
Intership vart starta i 2014 av gründerane Ole Peter Brandal, Håvard Johannes Grøntvedt og Kjetil Opshaug. Dei tre er framleis aksjonærar i selskapet, men det britiske investeringsfondet Aso Lux sit no på nær 95 prosent av aksjane.

Omsetninga i fjor blei negativ påverka av ei lengre opphald ved verft for oppgradering av ein båt – og at eitt av fartøya hadde lågare utnytting i første halvdel av 2022, enn tidlegare, ifølgje årsrapporten.

Fleire tilsette i arbeid
Reiarlaget hadde 137 tilsette i arbeid i fjor – kring 15 fleire enn året før.

Samla eigenkapital hadde ved årsskiftet auka til 533 millionar, medan langsiktig gjeld var på 1,44 milliardar.

Publisert: 21.07.2023 11:12

Sist oppdatert: 21.07.2023 11:42

Mer om