To faktorar er sentrale for Nordfjord Kjøtt-sjef og medeigar Geir Egil Roksvåg, stort volum og stadig effektivisering av drifta for kunne konkurrere i ein tøff bransje.
I fjor investerte Nordfjord Kjøtt, som er det dominerande selskapet i Nordfjord Kjøtt-konseret, 115,9 millionar kroner i nytt produksjonsutstyr til anlegget i Loen.
Marginane er under konstant press, så difor er det heile tida naudsynt med tiltak som sikrar stor produksjonsmengde og effektiv drift, skriv selskapet i årsmeldinga.
Inntektene steig til ein ny topp i fjor, og lønsemda auka (sjå tabell).
Slutt for slakteri
Etter første kvartal i fjor la Nordfjord Kjøtt-konsernet ned slakteriverksemda i datterselskapet Nordfjord Kjøtt Slakt. Årsaka var sviktande lønsemd kombinert med store investeringsbehov for å innfri nye miljøkrav. Slakteriverksemda hadde 22 fast tilsette og seks tilsette på kort- eller deltid.
No er konsernet ei reindyrka kjøttnedskjering- og kjøttforedlingsbedrift. Den verksemda skjer i Nordfjord Kjøtt, som sysselsette 315 årsverk i fjor.
Butikk-kjeda Rema er Nordfjord Kjøtt sin dominerande kunde.
Familieigd
Morselskapet i Nordfjord Kjøtt-konsernet er selskapet Legula.
Det er eigd av Malin og Tom Roksvåg og deira far Geir Egil Roksvåg, gjennom selskapet Gemto.
| Nordfjord Kjøtt as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 2855,2 | 2781,1 |
| Driftsresultat | 74,5 | 50,4 |
| Resultat før skatt | 53,8 | 29,5 |
| Nordfjord Kjøtt Slakt as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 28,8 | 235,5 |
| Driftsresultat | -1,1 | -2,2 |
| Resultat før skatt | -0,9 | -2,3 |
Publisert: 30.07.2025 10:15
Sist oppdatert: 30.07.2025 10:15






