Ole Ringdal klarar seg godt
MEIR SLAKT: Ole Arnstein Ringdal hos Ole Ringdal på Hellesylt reknar med at han treng fleire bilar og sjåførar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nedringt etter nedlegging

Ole Ringdal ventar kraftig vekst etter at slakteri-konkurrent legg ned.

08.12.2023

- Vi får meir slakt. Det er det ikke noko å tvile på. Vi har fått mange telefonar, seier dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal i den familieeigde slakteri- og kjøtforedlingsverksemda Ole Ringdal As etter at det vart kjent at Nordfjord Kjøtt avviklar slakteriverksemda si.

Når slakteriet til Nordfjord Kjøtt er avvikla blir Hellesylt-bedrifta det einaste slakteriet mellom Førde i sør, Kristiansund i nord og Rudshøgda ved Mjøsa i aust.

Fleire bilar og sjåførar
Årleg slaktar Ole Ringdal As 20.000 sau og lam, 2500 storfe og 2500 geiter/kje.

90 prosent av dyra som blir slakta på Hellesylt kjem frå bønder innan ein radius på 10 mil frå slakteriet. Mange av bøndene set pris på kort veg til slakteriet, og alle telefonane som har kome tyder på at mange bønder som hittil har levert til slakteriet i Loen no vel slakteriet i Hellesylt i staden, ifølgje dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Han vil ikkje talfeste kor stor auke i talet på dyr han ventar, men seier han reknar med at det blir naudsynt med fleire bilar og sjåførar, og eventuelt også ei vurdering om det må gjerast noko med anlegget for å utvide kapasiteten.

Brukar alt sjølv
Ole Ringdal As brukar dyra dei i dag slaktar i eigen produksjon, og Ole Arnstein Ringdal reknar med at også dyra frå dei nye kundane vil gå inn i eigen produksjon. Det vil gjere bedrifta meir sjølvforsynt med råstoff, med unntak av svinekjøt, forid selskapet ikkje slaktar gris sjølv.

I fjor passerte selskapet 195 millionar kroner i driftsinntekter og har hatt samanhengande vekst i inntektene kvart år sidan 2017. I år ligg det an til ytterlegare inntektvekst.

Kostnadane har imidlertid også stige, og det har ikkje vore råd å auke prisane ut til kundane til å kompensere fullt ut for kostnadsauken, seier Ringdal.

Ole Ringdal As
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt195,9188,7
Driftsresultat9,89,1
Resultat før skatt8,2

19,5

Publisert: 08.12.2023 13:24

Sist oppdatert: 08.12.2023 19:40

Mer om