Lars Oscar Øvstegård innlegg foto privat 11
VIL SAKSØKE: Lars Oscar Fossen Øvstegård driv med næringseigedom på Strømpeneset i Ørsta. No førebur han søksmål mot staten og vil ha fjerna formuesskatt på arbeidande kapital. Foto: Privat
Synspunkt

Kva retning skal Noreg ta? Skape eller avvikle?

Er formuesskatt på arbeidande kapital lovleg? Etter mitt syn må svaret vere nei, skriv Lars Oscar Øvstegård.

Korleis kan ein skatt vere lovleg når alle instinkt fortel meg det motsette?

For formuesskatt på arbeidande kapital:

  • er diskriminerande og rammar norske, men ikkje utanlandske eigarar
  • er konkurransevridande
  • har fått eit stadig vidare og auka formuegrunnlag
  • er uavhengig av overskot/underskot, drift eller ikkje drift
  • rammar arbeidsplassar og lokalsamfunn over heile landet
  • øydelegg skaparglede og innovasjon
  • svekkjer norsk eigarskap og fører til at norske verksemder blir kjøpt opp av utlendingar
  • svekkjer skattegrunnlag, statsinntekter og næringslivet sine muligheiter til å støtte gode formål i lokalsamfunnet enten det er idrett, ungdomsarbeid eller sosialt arbeid.

Derfor er den einaste logiske konsekvensen at formuesskatt på arbeidande kapital må kjennast ugyldig.

For det kan vel ikkje vere slik at ein diskriminerande skatt som svekkjer norskeigde verksemder, set arbeidsplassar i fare og fremjar utanlandsk eigarskap skal vere lovleg?

Svaret eg har fått frå dei fremste europeiske ekspertane på menneskerettar, norsk og internasjonal rett er mykje meir positivt enn eg hadde drøymd om. Etter deira vurdering er formuesskatt på arbeidande kapital ikkje lovleg. Dei viser mellom anna til ein dom frå Tyskland. Og rettskjelder frå andre europeiske land er høgst relevante sidan menneskerettane er dei same i Noreg som i Tyskland.

Formuesskatt på arbeidande kapital er eit menneskerettsbrot
Dersom alt går etter planen så skal politikarane få denne saka i fanget rett etter ferien. Det gjer vi ved å reise søksmål med påstand om at skatten er ugyldig. Søksmålet vil vise at vi meiner alvor og at vi er villige til å gå heilt til menneskerettsdomstolen i Strasbourg dersom rettferd ikkje er mogleg å oppnå gjennom det norske rettssystemet.

No tenkjer du kanskje at dette er noko eg berre sit og synsar om for meg sjølv?

Nei, det er det ikkje.

Eg har spurt jussprofessor Mads Andenæs, som har ført mange saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg om hans meining.

Eg har spurt tidlegare dommar og president i EFTA-domstolen, Carl Baudenbacher.

Eg har spurt dotter til Carl, Laura Melusine Baudenbacher. Ho er leiar for konkurransetilsynet i Sveits og menneskerettsadvokat.

Eg har spurt NAV-oppryddinga sin prosessfullmektig, Bjørn Kvernberg.

Desse advokatane representerer både norske NAV-offer og norske studentar i søksmål mot den norske stat. Dei er villige til å ta på seg jobben med å sjekke ut skattereglane i andre land og rettskjelder, jamfør Tyskland som har handsama ei liknande skattesak.

Baudenbacher Kvernberg Lawyers and Advisors bekreftar at diskriminering er brot på menneskerettane, både jamfør FN si verdserklæring frå 1948 og den europeiske menneskerettskonvensjonen av 1950. Desse internasjonale traktatane er vedtatt som norsk lov.

Advokatfirmaet bekreftar også at likskap for lova er forankra i grunnlova § 98 som lyder: «Alle er like for lova. Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller uforholdsmessig forskjellsbehandling.»

Eigedomsretten er grunnleggjande
Eigedomsretten er ein grunnleggjande menneskerett som er ei føresetnad for eit levande samfunn med mangfald i næring, demokrati og ein velfungerande rettsstat. Å få slutt på denne uintelligente og ulovlege skatten vil fremje økonomisk utvikling og vidareutvikling av velferdssamfunnet. Dette er viktig for alle som i dag ikkje arbeider, enten dei er uføre, gamle, sjuke eller born. Og dette er viktig for alle som er tilsette i norskeigde bedrifter.

Retten til eigedom og tryggleik for eigedom gir innovasjon, verdiskaping og grunnlag for at folk med idear kan realisere sine draumar. Grunnlova § 105 sikrar eigedomsretten og set som krav at ingen må gje frå seg sin faste eller rørlege eigedom utan vederlag.

Eit grunnleggjande og forståeleg skatteprinsipp er at ein betaler skatt når ein tek ut pengar frå ei verksemd. Skatt på overskot, inntektsskatt og utbytteskatt er skatt eg, og dei fleste med meg, forstår er rettvis. Eg betaler slike skattar med glede, både fordi det gjer mi verkelegheit tryggare, men ikkje minst bidreg til at dei som av ulike grunnar ikkje er i stand til å arbeide kan leve trygt og godt i landet vårt.

Det er med tungt hjarte eg ser at mange vel å flytte ut av landet, berre for å kunne konkurrere likt med utlendingane.

Ein kamp for rettferd
Eg er slik skrudd saman at eg ikkje kan sitte stille og sjå på at urett blir begått. Eg har derfor tatt initiativ til å samle nokre folk i ei foreining med eit styre som har som mål å få vekk formuesskatt på arbeidande kapital.

Først vil vi engasjere det sveitsisk-norske advokatfirmaet Baudenbacher Kvernberg for å få laga ein samanliknande studie av korleis ulike land har innretta skattlegginga si, samt førebu søksmålet mot staten. Eit slikt arbeid har aldri vore gjort og vil styrke argumentasjonen vi skal bruke i retten og i kommunikasjon med dei folkevalde og regjeringa.

Men dette er ein kamp som vi må rekne med blir langvarig. Og det å få løfta denne saka inn i rettsapparatet krev også eit økonomisk fundament; vi må fylle opp krigskassa vår. Men med mange bidragsytarar inn til foreininga vår, er eg sikker på at dette skal vi få til.

Parallelt med søksmålet vil vi drive med informasjonsarbeid. Og det arbeidet er vel eigentleg allereie i gong for det er openbert at «mannen i gata» no begynner å stille spørsmål ved formuesskatt på arbeidande kapital. Og når vanlege folk gjer det, ja då er det også på tide at også politikarane vaknar opp. I alle fall for dei som ønskjer å vinne valet.

Dette er ein kamp som vi må kjempe i lag, små som store. Berre slik kan vi vinne fram og oppnå rettferd.

Underskogen av norsk næringsliv
Vi treng å vise at det ikkje berre er milliardærar som driv kampen mot denne urettvise skatten, men at skatten rammar svært mange av de norskeigde selskapa. Hittil er det berre dei store aktørane som har fått oppmerksomheit. Og det er vel og bra, men viktigare er det at vi tek vare på underskogen av norsk næringsliv. Fordi dei små er så mange, så utgjer dette eit større problem for Noreg enn dei få milliardærane.

I mitt tilfelle, O Øvstegård AS, så fører formuesskatten til at eg må ta ut nær ti prosent av omsetjinga i ekstra lønn. Og då går altså heile dette beløpet inn i statskassa. Og då forstår dei fleste at det knapt er mogleg å drive med overskot lenger.

Og skulle eg vere så uheldig at eg står igjen utan leigetakarar og inntekter til bedrifta mi, ja så er det ein ting som er uendra: formuesskatten. Og med staten som innkrevjar veit eg at det ikkje blir gitt nåde. Så lenge eg ikkje er utanlandsk statsborgar, då.

Vi skal setje spor etter oss
Med kunnskap skal landet byggast, heiter det.

Knut Flakk, Roger Hofseth og underteikna fekk spalteplass i VG no tidlegare i juli og eg håper at dei eksempla som vi kan legge fram vil vere eit bidrag til folkeopplysninga rundt skatten. Og dersom du kjenner til korleis denne skatten rammar andre enkeltbedrifter så ønskjer eg at du tek kontakt med meg.

Avslutningsvis vil eg seie at for meg er det uforståeleg at politikarane ikkje ser kor øydeleggande formuesskatt på arbeidande kapital er. Og ein må late att både auge og øyre viss ein vil unngå å høyre ropet frå norsk næringsliv akkurat no.

La oss derfor håpe på at også politikarane kan ta innover seg den verkelegheita som vi i næringslivet kjenner på og lever i kvar dag.

Eg håper du vil vere med på å støtte kampen. Tenk om det er vi i fellesskap som vil vere årsaka til at vi får kjent formuesskatt på arbeidande kapital ulovleg. Då snakkar vi verkeleg om å sette spor etter oss!

Publisert: 14.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 14.07.2023 18:55

Mer om