Jaktar meir arbeid
LARSNES: Karl Herman Nystøyl og Larsnes Last og Buss med litt lavare aktivitet i år enn i fjor.
Nytt

Jaktar meir arbeid

Sal av marine kraner og service og reparasjon av bubilar skal gi meir arbeid til Larsnes Last og Buss.

31.08.2018
- Vi jaktar meir arbeid. Aktiviteten i år er ikkje så høg som vi håpa på, seier dagleg leiar Karl Herman Nystøyl.
I starten satsa Larsnes-bedrifta på reparasjon og service av bussar og lastebilar, i tillegg til påbygg og montering av kraner på tyngre køyretøy.
Men etter kvart har ein tatt meir personbilar og mindre køyretøy.
- No tek vi alt som rullar på hjul, seier Nystøyl.

Bubilsatsing

Siste åra har det spesielt vore mange bubilar, både EU-kontroll, repareasjon og tectylering.
- Bubilar er ei viktig satsing for oss.
Men Larsnes-bedrifta sel også marine kraner for ein italiensk leverandør.
- I fjor selde vi fire kraner, noko som var eit positivt tilskot. Dette er noko vi no skal satse meir på.
I fjor hadde selskapet ein fin omsetningsvekst i høve til året før, og hadde også eit greit overskot.
I år har det gått litt tregare.
- Akkurat no balanserer vi rundt null, men håpar på ei god avslutning på året, seier Nystøyl.

Stor verkstedplass

Selskapet har totalt 900 kvardrameter med verkstedplass, og er i gang med å byggje ny kantine.
Totalt har selskapet 15 tilsette.
- Det er der vi skal vere, i alle fall slik det er no, seier Nystøyl.
Larsnes Last og Buss er 51 prosent eigd av Wist Last og Buss. Konsernet har 19 anlegg i Sverige og 12 i Norge. I tillegg til Larsnes Last og Buss har ein også Sjøholt Last og Buss på Sunnmøre.
49 prosent av aksjane i Larsnes Last og Buss er eigd av Nettbuss-eigar Team Verksted.
Bubilar er ei viktig satsing for oss

Publisert: 31.08.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25