Jaktar verdi i krabbeskal
NYE MOGLEGHEITER: Med det nye utstyret kan bedrifter kome til Møreforsking for å kunne gjere enkle prekliniske forsøk. Her er Ola Ween (f.v.), Roger Meisal og Linn Akslen-Hoel i eine laboratorierommet som har fått nytt analyseverktøy. 
Nytt

Jaktar verdi i krabbeskal

Investeringar ved Møreforsking sitt laboratorium på NMK gir bedrifter meir avanserte analyser i jakta på meirverdi frå marint råstoff.

Marius Rosbach
23.10.2019
Inne på laboratoriet til Møreforsking på Norsk Maritime Kompetansesenter (NMK) i Ålesund har institusjonen dei siste månadene fått på plass nytt utstyr. Ved hjelp av nye instrument har dei moglegheita til å gi meir detaljerte svar om innhaldet i marint restråstoff frå industrien.
Allereie er Sunnmøre eit kraftsenter for omega 3-produksjon frå marine oljer.
– Etterkvart har det blitt interessant å gå meir i djupna og finne ut korleis ein kan få enno meir verdi frå råstoffet. No er det mykje merksemd kring protein og korleis det kan utnyttast. Ting tydar på at også det kan gi god helseeffekt, og det jobbast med å finne ut om det kan nyttast som humant konsum, fortel Ola Ween til NETT NO om arbeidet.
Eit anna døme er fiskemjøl, som i i dag stort sett går til oppdrettsnæringa eller kjæledyrbransjen – men som også kan vere menneskeføde.

Helseeffektar og meirverdi

Saman med Linn Akslen Hoel og Roger Meisal viser han rundt og forklarer korleis dei jobbar. I hovudsak dreiar det seg om å teste fisk eller skaldyr, men det kan også vere sjøpølse, krabbeskal, tang og tare.

Ween fortel at det er aukande interesse mellom bedrifter i Blue Legasea-klynga for å finne ut meir om helseeffektar og moglegheitene for å skape meirverdi.
– Om vi får inn ein fiskeolje er det ein kompleks samansetning, og produsenten vil gjerne vite kva effekt kvar enkelt bestandsdel har, forklarar Meisal.

Delar opp protein

Samansetninga av protein er noko dei ønskjer å få betre kunnskap om ved laboratoriet. Ein av maskinane delar opp prøvene som kjem inn. Så kan forskarane gå vidare med å karakterisere innhaldet og til dømes sjå etter helseeffektar.
– Ikkje alle delane av eit protein har like mykje effekt, så vi kan dele det opp og til dømes sortere dei etter storleik. I tillegg er det anna innhald vi kan sjå på, som karbohydrat, legg han til.

Les også:


Sintef-rådgiver:


Forskar på «skaldyrpanser»

Ween dreg fram ein pose med krabbeskal som er ein av tinga dei jobbar med for tida.

– No skal vi kike nærare på noko som heiter kitin. Det er spennande, seier han.
Ifølgje er kitin ein «seig, semitransparent og nitrogenholdig polysakkarid», som kanskje ikkje seier dei fleste stort. Men det er sterkt og har ein motstandsevne som gir sjødyr, eller insekt eit beskyttande panser.
– Vi jobbar med krabbeskal og ser om det er noko interessant der, seier Ween.
Det er lenge sidan ein koka fiskeavskjer for å få tranolje - og kasta resten. Men noko går framleis på sjøen i stor grad. Til dømes krabbeskal. No har forskingslaboratoriet fått tilsendt råstoff frå ein produsent som skal undersøkast nærare.

Pengegåve gir fleire moglegheitar

Bakgrunnen for at det nye utstyret er kome på plass, er ei . Utstyret gir bedrifter moglegheit til å gjere testar dei ikkje kunne gjere her i regionen tidlegare.
– Dei færraste bedrifter har moglegheit til å ha eige laboratorium. Då er det ein fordel at nokon kan gjere desse analysane. At vi også har eit laboratorium på Atlanterhavsparken gjer at vi kan få med heile verdikjeda, fortel Linn Akslen Hoel.
Ofte er det slik at bedrifter som ønskjer å gjere analyse, går inn med eigeninnsats. I tillegg får arbeidet støtte frå offentlege ordningar.

– Vande med å tenke kommersielt

Mykje av arbeidsdagen til kollegaene på laboratoriet handlar om å nytte kunnskapen sin saman med næringslivet for å kome fram til nye produkt.
– Vi kan hjelpe til med å omforme idear til verkelegheit. Gjennom samarbeid og etablering av prosjekt finansiert av, til dømes Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering og Norges forskningsråd. Vi har lang erfaring med å forske saman med næringslivet, kjenner næringa og er vande med å tenke kommersielt, påpeiker administrerande direktør Agnes Gundersen i Møreforsking.

Les også:


Synspunkt:



Publisert: 23.10.2019 11:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42