Vard Gisle Anderssen montasje Viking Octantic foto Vard Viking Cruises
REKORDSKIP: Gisle Anderssen i Vard Electro fortel at det er ein opptur i marknaden for bygging av store cruiseskip. For mindre fartøy, er det framleis lunken interesse. 205 meter lange Viking Octantic (til høgre) er det største cruiseskipet Vard har levert. Her ved overlevering frå Søvika-verftet. Foto: Vard/Viking Cruises
Nytt

Ny bølgje med cruiseskip - men ikkje alle typer

Framleis brems i nisjemarknaden som verfta satsa på etter offshoreboomen. – Meir forsvarleg tempo, meiner Vard-leiar.

Marius Rosbach
18.07.2025

Medan bygginga av cruiseskip har teke seg kraftig opp etter pandemibremsen, er det framleis få som bestiller mindre ekspedisjonsskip.

Det er situasjonen fem år etter at koronapandemien gjorde at marknaden for bygging av cruiseskip forsvann nærast over natta.

– Cruiseindustrien har opplevd ein forbløffande gjenoppblomstring etter pandemiens forstyrrande verknad, seier Gisle Anderssen i Vard Electro til Nett No.

Allereie i 2023 hadde cruisetrafikken teke att det tapte, og talet på passasjerar som la ut på reiser låg over nivået for 2019.

Ifølgje Anderssen tyder prognosane på at trenden vil halde fram. Han meiner det borgar for ein ny fase med vekst.

– Medan 2022 og 2023 markerte starten på ein oppgang, viste 2024 eit meir strukturert moment – spesielt blant dei større operatørane som no startar å planlegge langsiktig igjen, fortel han.

Ponantskip hos Vard Søviknes foto M Arius 2022 05 03 122937 cgjq 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
SERIE MED OPPDRAG: Vard bygde ein serie mindre cruiseskip for mellom anna franske Pontant. Her er to skip under utrustning ved Søvika-verftet. Foto: Marius Rosbach

Jets-oppdrag på verdas største cruiseskip
I marknaden for bygging av store cruiseskip er det no langt meir aktivitet. Royal Caribbean, MSC Cruises og Carnival-gruppa er mellom dei store aktørane som har lagt inn bestillingar på nybygg for å utvide flåten.

Førstnemnte er i sluttfasen med å bygge sitt tredje skip i Icon-klassa - som blir verdas største. Det har mellom anna gitt eit betydeleg oppdrag til Jets-konsernet på Hareid.

– Cruisemarknaden er absolutt kome over kneika etter Covid, seier Jan Tore Leikanger som er salsansvarleg for Jets på området.

Han fortel at oppdraga til denne marknaden er aukande for selskapet, som lagar toalett med vakuumteknologi der ein kan nytte mindre vatn, enn tradisjonelle toalett.

Leikanger anslår at sal til cruise no utgjer nærare 15 prosent av den totale omsetninga til Jets.

Cruisemarknaden er absolutt kome over kneika etter Covid
Jan Tore Leikanger

Tydeleg skilje mellom små og store nybygg
Men det er eit tydeleg skilje mellom bygging av store cruiseskip og mindre ekspedisjonsfartøy, viser tal for byggeoppdrag dei siste åra.

Medan bestillingane på større skip har skote fart, har den gått ned når det gjeld dei mindre skipa – etter ein topp i leveringar globalt i 2021 og 2022.

Gisle Anderssen i Vard Electro stadfestar utviklinga:

– Det ser ut til at segmentet har gått over til eit meir forsvarleg tempo. Fleire skip som for tida er i drift, blir ikkje utnytta fullt ut og det påverkar investeringane.

Ulstein verft lindblad national geographic endurance resolution foto ulstein Oclin
SYSTERSKIP: Skipa «National Geographic Endurance» og «National Geographic Resolution» ved sidan av kvarandre ved Ulstein Verft. Førebels har verftet ikkje fått bestillingar på fleire slike ekspedisjonsskip. Foto: Oclin

Reiarlaga er blitt meir selektive
Vard-leiaren påpeiker at det framleis er ein marknad med oppdrag for etablerte aktørar som Hurtigruten Expeditions, Ponant og Quark Expeditions.

Men reiarlaga er meir selektive i kva prosjekt dei går vidare, og vil helst ha velprøvde og effektive konsept. Samtidig er det sterk merksemd om klimapåverknaden frå desse skipa – som ofte seglar til sårbare område.

Der har Vard ein styrke, meiner Anderssen.

– Vi ser aukande etterspurnad etter fartøy som flyttar grensene når det gjeld å vere miljøvennleg og operere smart, seier han.

Cruise berga Vard etter oljeprisfallet
Fleire verft på Nordvestlandet satsa på bygging av mindre cruiseskip etter at marknaden for offshore tørka inn etter oljeprisfallet i 2024.

I eit intervju med Nett No i fjor var tidlegare Vard-sjef Alberto Maestrini  tydeleg på at nisjemarknaden berga Vard i desse åra.

I kjølvatnet av koronabremsen har bygging av skip til kabellegging og servicefartøy til vindkraftanlegg har teke over. I tillegg er det ny aktivitet i offshoremarknaden.

Gisle Anderssen i Vard Electro tør ikkje spå kva tid marknaden for dei mindre ekspedisjonsskipa vil ta seg opp att.

– Skulle nye moglegheiter oppstå i framtida, er vi framleis heilt opne og klare til å utforske alt marknaden har å by på, seier han.

Cruiseanlop gjestar mjolstadneset foto Marius
PÅ BESØK TIL HERØY: : Ulstien-bygde National Geographic Endurance på sitt første anløp til Herøy tidlegare i sommar. Gjestane om bord var i hovudsak godt betalande amerikanarar. Foto: Marius Rosbach

Dreg nytte av Fincantieri-eigarskap
Det italienske skipsbyggingsselskapet Fincantieri som eig Vard, har lang erfaring med å bygge store cruiseskip.

Konsernet fortalde i si siste kvartalsrapport at ei god utvikling for cruisemarknaden, var mellom drivarane for veksten dei har opplevd i år.

Anderssen påpeiker at Vard – med sine tre skipsverft på Nordvestlandet – dreg nytte av å vere ein del av Fincantieri på fleire måtar.

Dei kan dele ekspertise og sikre leveransar – også til dei største cruiseskipa.

– Vard Electro bidreg betydeleg, spesielt ved sine innovative integrerte løysingar som «SeaQ-Bridge»-systemet, seier han.

Systemet er tidlegare teke i bruk av andre type fartøy. No er det for første gong installert om bord på eit cruiseskip - det 330 meter lange «Mein Schiff Relax», som Fincantieri har bygd ved sitt verft i Italia. 

Publisert: 18.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 18.07.2025 00:14

Mer om