I 2021 intervjua NETT NO-magasinet ti personar i ulike yrke det var stort etterspurnad etter.
Den gong hadde Thorstein Viseth flytta heim og starta i jobb hos Jets-konsernet på Hareid. Fire år seinare fortel ulsteinvikaren at han har fått større ansvar og er blitt utfordra som leiar i prosjektavdelinga med ansvar for ni personar.
– Eg brenn etter å bygge lag, og at vi som avdeling går i elden for kvarandre – det er min største motivasjon, fortel 39-åringen.
Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
– Utfordringar og tillit
Tala fortel at avdelinga hans har lukkast, samtidig er han rask til å påpeike laginnsatsen.
– Mi oppleving er at du må gi folk både utfordringar og tillit, samtidig som du gir dei «support», seier Viseth.
Jets lagar i første rekke toalett med ein vakuumteknologi som gjer at ein kan nytte mindre vatn enn tradisjonelle toalett. Han opplever det som inspirerande når unge jobbsøkjarar fortel at dei vil jobbe hos Jets, fordi det er eit selskap som driv berekraftig.
– Har så ufatteleg mykje bra
Thorstein Viseth fortalde i 2021 at det å flytte heim gav han åtte timar «ekstra» kvar veke fordi han slapp å bruke tida på pendling.
Ein del av tida har han nytta til å engasjere seg i idrettslaget Hasundgot.
– Sunnmøre og regionen har så ufatteleg mykje bra å by på. Kombinasjonen med familieliv og interessante jobbar er det vanskeleg å slå. Samtidig har vi i mine auge eit rikt kultur- og idrettstilbod som samla definerer eit berekraftig samfunn, seier Viseth.
– Eg elskar å sjå alt positivt som skjer i klynga vår, og brukar å seie at det er galskap å ikkje flytte heim, legg han til.
Sunnmøre og regionen har så ufatteleg mykje bra å by på
Har hatt lærerike og spennande år
I 2021 hadde Elisabeth Haugen flytta tilbake til Ålesund etter å ha vore i Shanghai og USA.
Sjansen til å reise, møte nye menneske og bygge relasjonar var noko av det som motiverte henne til å ta jobben hos fiskeeksportøren Ocean Supreme i Ålesund. Der jobbar ho framleis, no som «sales manager».

Haugen fortel at åra med koronapandemi og dei påfølgjande handelsutfordringane har vore lærerike og spennande.
– Eg har fått reise ein god del, spesielt i Japan og Søraust-Asia, fortel ho no.
Ålesundskvinna har mellom anna delteke på World Expo i Osaka, der globale handelsspørsmål var høgt på agendaen.
– I slike forum har eg fått sjansen til å fremje både bekymringane våre og håp knytt til framtidig handel og samarbeid, fortel Haugen.

Har tilsett 50–60 personar siste fire åra
I 2021 var Vidar Skjørli fersk i jobben med å rekruttere folk til Salmon Evolution.
Selskapet var då i gang med å bygge første trinnet av sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Indre Harøy. I dag er han med i konsernleiinga med tittelen direktør med ansvar for HR og strategi.
I løpet av denne tida har det blitt eit byggetrinn til – og nok ei utviding er planlagd. 35-åringen fortel at dei truleg har rekruttert ein plass mellom 50 og 60 tilsette dei fire siste åra.
– Vi har vore privilegerte, og folk har søkt seg til oss, seier han om tilgangen på arbeidskraft.
Fleire saker om Salmon Evolution frå Nett No
Skjørli fortel at dei jobbar på fleire hald, både med å ta inn fleire lærlingar og studentar for å gi dei innsikt i sjømatbransjen.
– Eg opplever at det framleis er like spennande. Og sjølv om det er gått fire år, så er vi framleis i ein tidleg fase, seier han.
Eg opplever at det framleis er like spennande
Publisert: 07.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 06.01.2026 16:05






