Jogeir Romestrand kjoeper Kongsberg Evotec
STORHANDEL: Jogeir Romestrand overtar nabobedrifta Kongsberg Evotec etter at Kongsberg Gruppen vart nøydde til å selje etter kjøpet av Rolls-Royce Commercial Marine.
Nytt

Jogeir Romestrand kjøper Kongsberg Evotec

Overtek rundt 50 tilsette og vil utvikle Ulstein-bedrifta vidare.

15.01.2019
- Dette er ei kjempemulegheit til å utvikle Kongsberg Evotec til eit endå større og betre selskap enn i dag.
- Det er også svært viktig at vi får behalde kompetansen og arbeidsplassane her i distriktet, seier Jogeir Romestrand.

Måtte selje

Det seier Jogeir Romestrand frå Ulsteinvik etter at han gjennom sitt investeringsselskap Rome har kjøpt Kongsberg Evotec.
Det er konkurranseomsyn som gjer at Kongsberg Gruppen ikkje kan eige Kongsberg Evotec etter kjøpet av Rolls-Royce Commercial Marine.
Kongsberg Evotec er blant anna store på kraner og anna handteringsutstyr til fiskeri- og offshoreindustrien.

Nytt nodehandteringssystem

I ei pressemelding frå Kongsberg Gruppen blir det opplyst at salet er gjort for å innfri krav frå styresmaktene om å sikre vidare konkurranse i marknaden for dekksutstyr til seismikkfartøy.
Jogeir Romestrand er sjølv tungt inne i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions, som saman med Kongsberg Evotec har utvikla eit heilt nytt og meir effektivt system for utlegging og innhenting av noder.
Axxis Geo Solutions har kjøpt det nye systemet til to av sine skip.

Ser lyst på utsiktene

No skal det satsast på utvikling av fleire produkt.
- Dette er ei storsatsing frå vår side. Vi ser svært lyst på framtida for Kongsberg Evotec, seier Romestrand, som sjølv har hovedkontor berre eit litt langt steinkast frå Kongsberg Evotec.
- Vi skal no setje oss ned med dei tilsette for å diskutere mulegheiter og vegen vidare, seier Romestrand.
Kongsberg Gruppen opplyser at overtakinga formelt vil skje 21. januar.

- Heiv oss rundt

Partane er samde om å ikkje opplyse transaksjonssummen.
- Nei, prisen vil vi ikkje opplyse, men det er klart at vi heiv oss rundt og melde oss på så fort vi fekk vite at Kongsberg Evotec var til sals, seier Jogeir Romestrand.
Han var sjølv sentral i oppbygginga av Odim-konsernet i Hjørungavåg, som seinare vart seld til Rolls-Royce.
No er han tilbake for fullt i den maritime utstyrsbransjen.

Eig bygget

Investeringsselskapet Rome eig også Evotec-bygget og Jogeir Romestrand var også ein av aksjonærane då Kongsberg Gruppen kjøpte Evotec i 2011.
Han kjenner dermed godt til sitt nye selskap.
Kongsberg Evotec omsette i 2017 for 121,5 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 1,8 millionar kroner.
Også 2016 var eit bra år, medan selskapet hadde store tap i 2013, 2014 og 2015.

Det er også svært viktig at vi får behalde kompetansen og arbeidsplassane her i regionen

Publisert: 15.01.2019 15:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30