Kristin Hollingsæter Lystad John Fredrik Sæther Nelvik montasje foto privat 11
FEKK DIPLOM: Kristin Hollingsæter Lystad og John Fredrik Sæther Nelvik fekk diplom og pris på arbeidsplassen ved årets utdeling av prisen.
Nytt

John Fredrik og Kristin er årets lærlingar

Konkurransen mellom sals- og bunadslærlingen var så jamn at juryen valte begge to.

Marius Rosbach
24.02.2021


Kristin Hollingsæter Lystad og John Fredrik Sæther Nelvik er begge Årets lærling i Møre og Romsdal. Det er klart etter at konkurransen mellom dei to var så jamn, at juryen utropte begge til vinnarar.

– Begge to er verdige vinnarar av prisen Årets lærling 2020. Ut frå vurderingskriteria og vurderingsgrunnlaget var det rett og slett umogeleg å skilje dei to kandidatane som kom høgast, uttalar leiar for juryen, Åse Vatne Riksfjord i ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det blei avlagt 1686 fag- eller sveineprøver og om lag ein tredel fekk karakteren «Bestått meget godt». Av desse vart 17 nominert til kåringa som skjer i regi av fylkeskommunen.

– Eit «spissa» fag
Kristin Hollingsæter Lystad har vore lærling i Bunadtilvirkarfaget ved lærebedriften E design på Valderøya. Ho har levert eit svært solid arbeid og har svært god fagleg kunnskap, heiter det om prestasjonen hennar.

– Bunadstilverkarfaget er eit «spissa» fag som få kjenner, og det å lage heile bunadar er eit omfattande og krevjande arbeid. Kandidaten skal ha god innsikt og kunnskap om tradisjon og kultur og produsere handverket med flid. Kristin viste godt handlag og nøyaktigheit utanom det vanlege under prøven som gjekk over 60 timar, uttalar juryen.

– Reflektert og stor kunnskap
John Fredrik Sæther Nelvik har vore lærling i salsfaget ved lærebedriften Smølamat AS, og kunne faget sitt svært godt og gjennomførte den praktiske prøven på ein særs overtydande måte.

- John Fredrik viste at han var reflektert og hadde stor kunnskap innan alle felt i salgsfaget. Han viste stor evne til service og strekte seg langt for at kunden skulle bli nøgd, seier juryen om vinnaren.

Publisert: 24.02.2021 14:06

Sist oppdatert: 24.02.2021 14:16

Mer om