John Knudsen Vi er for topptunge
ROLLS-ROYCE: John Knudsen ser på Rolls-Royce som ein god og langsiktig eigar, og seier at nedbemanninga i Norge er ein konsekvens av lavare ordreinngang, og ikkje eit resultat av ein eigarstrategi om å redusere aktiviteten i Norge.
Nytt

John Knudsen: - Vi er for topptunge

Rolls-Royce-direktør John Knudsen meiner at Rolls-Royce i Norge er for topptungt. Han vil ha ei lettare og meir effektiv leiing, spesielt i ei tid med lavare aktivitet.

20.05.2015
Selskapet tek no grep. Når ein før sommaren kvittar seg med dei første 200 av dei 2.300 norske tilsette, er det mange i administrasjonen som må gå.
John Knudsen, leiar for Rolls-Royce Commercial Marine, meiner dette må til, sjølv om selskapet i fjor hadde ein nedbemanningsprosess der det gjekk sluttpakketilbod til 350 leiarar og mellomleiarar.
Resultatet av den prosessen var at Rolls-Royce slanka staben med 125 tilsette.

Knudsen meiner at no må det gjerast meir.
- For å svare heilt ærleg, så synst eg framleis vi er noko topptunge, seier Knudsen.

Vil ha lettare og meir effektiv leiing

Han meiner at dette er ei utfordring ikkje berre i Norge, men for heile marinedivisjonen i konsernet, som den norske delen er underlagt.
- Dette er vi i ferd med å gjere noko med. Det er mindre rom for mykje "overhead" når marknaden er strammare.
- Ei lettare og meir effektiv leiing som kan reagere raskare er ein del av det som skal byggje vår framtidige konkurransekraft, seier Knudsen.

Lav offshoreaktivitet

Trass i at det etter Knudsen sitt syn er for mange leiarar og mellomleiarar i den norske delen av Rolls-Royce, seier han at det er svekka ordreinngang som er årsaka til at Rolls-Royce særleg ser mot Norge når det skal kuttast 600 av totalt 6.000 globalt i den marine divisjonen.
Vel halvparten skal takast i Norge; 200 til sommaren, ytterlegare 125 fram til nyttår.

- Vi merkar effekten av liten aktivitet i offshoremarknaden, som representerer den største delen av verksemda vår i Norge.

- Balansegang

Knudsen avviser at nedbemanninga er ein del av ein strategi om å redusere aktiviteten i Norge, der Rolls-Royce har tre lokasjonar i Hordaland og seks på Sunnmøre.
- Strategien er ikkje meir komplisert enn at vi må følgje marknaden, og samtidig vere klare når marknaden kjem tilbake. Dette er ein balansegang for alle i vår næring i desse dagar.
- Norge er hjertet og hjerna i Rolls-Royce-konsernet si maritime satsing.

Konsolidering

Knudsen avviser også at det er eit strategisk val å redusere produksjonen i Norge, sjølv om konsernet er i ferd med ein større omstruktureringsprosess.
- Beslutninga om nedbemanning i marinedivisjonen kjem i tillegg til endringar som allereie er i ferd med å bli gjennomførde, om å konsolidere produksjon ved fleire av fabrikkane til Rolls-Royce i Storbritannia, USA, Norge, Sverige og Sør-Korea.
- I Norge skal for eksempel produksjonen av styremaskiner samlast til ein fabrikk, i Brattvåg – medan vi samtidig skal leggje deler av denne produksjonen til underleverandørar. Kvar i verda desse vil befinne seg, er for tidleg å seie.

Thrusterproduksjonen ligg fast

- Kva med produksjonen av thrustarar? Er det aktuelt å flytte meir av produksjonen vekk frå Ulsteinvik?
- Vi har ingen planar om det.
- Enkelte kritikarar til utanlandsk eigarskap, meiner at det er i nedgangstider ein vil sjå skilnaden mellom norske og utanlandske eigarar, der dei utanlandske har mindre tolmod, er mindre patriotiske, og vil dermed gjennomføre større kutt og større omstruktureringar enn norske eigarar. Er det det vi no ser i Rolls-Royce, altså ein utolmodig utanlandsk eigar som kuttar med hard hand?
- Mi oppleving er at Rolls-Royce er ein langsiktig og god eigar, som også har gjort solide investeringar i Norge, som for eksempel etableringa av opplæringssenteret i Ålesund, og sist veke signeringa av ein forlenga samarbeidsavtale med NTNU og Marintek.

- Det vil snu

- Korleis vil du sjølv karakterisere marknadssituasjonen for den norske delen?
- Vi er ei global verksemd, og marknaden er vanskeleg for maritime bedrifter over heile verda akkurat no. Men på lang sikt viser all historie at dette vil snu, og at vestlendingane finn nye vegar til å tene pengar.
- Eg har også lyst til å legge til at vi sit på ingen måte stille og ser på utviklinga. Vi held tempoet oppe innan både sal og produktutvikling.
- Korleis vil Rolls-Royce i Norge sjå ut om fem år?
- Endringar skjer så fort om dagen at eg ikkje har lyst til å prøve meg som spåmann, men eg kan seie at målet er sjølvsagt at vi framleis vere en sunn og god bedrift om fem og ti år, som leverer avansert maritim teknologi.
Strategien er ikkje meir komplisert enn at vi må følgje marknaden

Publisert: 20.05.2015 09:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44