Jørgen
BETONGARBEIDAR: 1113 lærlingar avla fagprøve i fjor. Jørgen Larsen Stavseng er årets lærling. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Jørgen er årets lærling

Jørgen Larsen Stavseng frå Stordal er årets lærling i Møre og Romsdal.

08.02.2022

- Eg vart svært overraska og glad for prisen, seier Jørgen Larsen Stavseng i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han leverte fagprøven med særs godt resultat og gjekk heilt til topps i Møre og fylkeskommune si kåring av årets lærling.

I alt kom det inn 30 nominasjonar til kåringa. Vinnaren var lærling betongfaget.

- Å få denne prisen betyr at eg har gjort ein jobb som er blitt lagt merke til. Det er stas, for eg er glad i faget mitt, seier Stavseng, som jobbar i same bedrifta som han var lærling i.

K. Nordang
Vinnaren har vore lærling i betongfaget ved K. Nordang AS på Stranda gjennom ByggOpp, opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk i Møre og Romsdal.

Bedrifta beskriv Jørgen som hardtarbeidande og fagleg sterk. Sjølv om fagprøva var utfordrande, utmerka han seg og leverte med særs godt resultat. Han gjekk ut av Borgund vidaregåande skole med toppkarakterar.

Fylkeskommunen opplyser at prisen blir delt ut på samling for 2. års lærlingar på Scandic Parken i Ålesund, 22. februar. Som Årets lærling vil Jørgen Larsen Stavseng få 10 000 kroner, diplom og blomster.

677 fekk bestått
Juryen gir også heiderleg omtale til Valeria G. Dannevig i sveisefaget og Mohamed Abbas Mohamed i barne- og ungdomsarbeiderfaget, som kom på 2. og 3. plass. Begge gjennomførte fagprøve av høg kvalitet og i tillegg har begge har gjort utradisjonelle yrkesval.

I 2021 avla 1113 lærlinger fagprøve. Av desse fekk 677 bestått, 366 fekk bestått meget godt og 70 ikke bestått. Med prisen ønsker Møre Romsdal fylkeskommune å synleggjere alle dei dyktige lærlingane i fylket og løfte fram yrkesfaget.

Publisert: 08.02.2022 13:03

Sist oppdatert: 08.02.2022 13:13

Mer om