NTB r7h W8 I17 P1 I IKKJE BRUK
OPPKLARINGSMØTE: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier at regjeringa er i dialog med Esa for å vurdere beløpa i lønnsstøtteordninga Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Kan auke taket i lønnstøtteordninga

Kan blir meir enn 30.000 kroner i månaden.

20.12.2021

NPK-NTB: Regjeringa er i dialog med Esa for å vurdere beløpa i lønnsstøtteordninga, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

– Der har òg finansministeren vore tydeleg gjennom helga på at viss det er mogleg å rekne seg fram til dette på ein annan måte, så skal vi sjølvsagt sjå på moglegheita for å forsterke denne ordninga, seier Vestre på Politisk kvarter på NRK måndag morgon.

På spørsmål frå NRK om det betyr at ei maksgrense på 30.000 kroner ikkje ligg fast, svarer han:

– Nei, det er jo då uttrykk for ei betraktning på kva 80 prosent av makslønn kan vere. Og ho skal då innebere at ein legg på arbeidsgivaravgift.

Næringsministeren forklarer at mange av dei aktuelle yrkesgruppene for ordninga, til dømes innanfor servering, reiseliv og restaurantbransjen, ligg på dette lønnsnivået. Regjeringas estimat er basert på beste utrekning som var mogleg å gjere på den korte tida ein hadde førre veke, understrekar han.

Vedum skulda på EØS-avtalen
Regjeringas lønnsstøtte skal gå til verksemder som kan dokumentere eit omsetningsfall på minst 20 prosent på grunn av strenge smittevernreglar. Men det er sett eit tak på 30.000 kroner i støtte til kvar tilsett.

Laurdag uttalte finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til Dagsrevyen at regjeringa ikkje har meir å gi på grunn av EØS-avtalen.

– Vi har sjekka med Esa om vi kunne gå høgare. Problemet ved å gå endå høgare er at då kunne ordninga ha komme i strid med EUs konkurranseregelverk. Då hadde vi risikert at det vart null. Så vi har drege det så langt vi kan, sa finansministeren.

Vestre: Vedum forklarte statsstøtteregelverket
Men søndag påpeika Esa overfor NTB at det er regjeringa sjølv som har bestemt taket for ordninga.

– Det eg opplevde at finansministeren sa på Dagsrevyen, var at statsstøtteregelverket seier at det ikkje er mogleg å gi meir enn 80 prosent av lønna i støtte, seier Vestre.

Finansdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har avtalt eit møte med Esa måndag formiddag.

Publisert: 20.12.2021 10:08

Sist oppdatert: 20.12.2021 10:48

Mer om