To anerkjende selskap innanfor finansrådgjeving og næringseigedom har sett på verdien av kontrakten som vart annulert etter at Entra braut samarbeidet med Norwegian Datasenter Group AS (NDG) i januar 2013, om å byggje Greenfield Datasenter i Fet i Akershus og leige det ut til IT-selskapet Evry (sjå faktaboks).
Rettssaka er no beramma til 6. januar 2015, og det er sett av tre veker i Oslo tingrett.
Greenfield Property AS som skulle byggje datasenteret og NDG som er hovudaksjonær, har gått til erstatningssøksmål mot Entra. Entra har på si side saksøkt dei to andre fordi NDG har skrive Entra ut av aksjeeigarboka i Greenfield Property.
Avhengig av kva slags rente som vert lagt til grunn, er netto noverdi av kontrakten kring 200 millionar kroner.
Reknar ein med verdien av opsjonen på to bygg til, kan tapet nesten doblast, meiner finansrådgjevarane som Greenfield Property og NDG har brukt.
Etter det NETT NO kjenner til, har ikkje Greenfield talfesta nokon sum i stemninga til Oslo tingrett, men let det vere opp til retten å gjere ei skjønsmessig vurdering av erstatningssummen.
NDG (tidlegare Lefdal Mine Datasenter AS) sitt hovudprosjekt er å byggje ut delar av den nedlagde olivingruva på grensa mellom Vågsøy og Eid til det dei sjølv kallar eit av dei største og sikraste datalagringssentra i verda.
NDG kjøpte seg inn i Greenfield for å komme inn i den norske marknaden med eit utfyllande produkt til Lefdal Gruve, ifølgje Jørn Skaane i NDG.
Avtalen vart underskriven med dåvarande næringsminister Trond Giske og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til stades, og det såg lyst ut for datalagring i Norge.
- Det som seinare skjedde i Greenfield, var ikkje akkurat med på å auke omdømmet vårt, konstaterer Skaane.
- Nei, vi har framleis ein god dialog om Lefdal Gruve som vi konsentrerer oss fullt og heilt om no.
Skaane har tidlegare sagt .
- Vi har gode dialogar med internasjonale aktørar og det skjer mykje spennande, men eg kan ikkje fortelje noko enno, seier han i dag.
Greenfield selde i 2013 rettar og grunnlagarbeid for senteret i Fet til amerikanske Digiplex, som har inngått kontrakt og skal byggje datalageret for Evry.
Skaane vil ikkje opplyse kva pris Greenfield fekk for dette.
Entra krev i sitt søksmål aksjane (33 prosent) tilbake.
- Når det gjeld søksmålet frå NDG og Greenfield så har vi lagt ned påstand om frikjenning. Vi er komfortabel med søksmålet og har ingen ting å frykte, sa Østrem.
Problema skal mellom anna ha oppstått i samband med godkjenning av leige- og driftsavtalane (om leige og drift av det planlagde datasenteret, red. merknad), der Entra har uttrykt at deira medlemmer i Greenfield-styret ikkje godkjende avtalane.
Dagleg leiar Jørn Skaane i Greenfield Property og NDG seier dette er feil.
- Det finst ikkje spor av den type samarbeidsproblem nokon stad før Entra hoppa av samarbeidet i januar i fjor, seier Skaane.
- Vi viser til tidligere kommentarer om saka. Ut over dette har vi ingen ytterlegere kommentarer, då vi ikkje prosederer rettstvisten i media, seier Hallgeir Østrem i Entra.
Rettssaka er no beramma til 6. januar 2015, og det er sett av tre veker i Oslo tingrett.
200-400 millionar
Etter det NETT NO kjenner til, meiner rådgjevarane at tapet er på minst 200 millionar kroner, men det kan komme opp i over 400 millionar dersom ein reknar med verdien av ein opsjon i kontrakten på å bygge ytterlegare to datalager på flatlandet i Akershus.Greenfield Property AS som skulle byggje datasenteret og NDG som er hovudaksjonær, har gått til erstatningssøksmål mot Entra. Entra har på si side saksøkt dei to andre fordi NDG har skrive Entra ut av aksjeeigarboka i Greenfield Property.
Kontrakt til 1,2 mrd.
Kontrakten gjekk ut på at Greenfield skulle føre opp to datalagringsbygg i Fet og leige dei ut i 20 år til Evry. Inkludert ein avtale av drift bygget (ikkje IT-drift), var kontrakten verd kring 1,2 milliardar kroner, og det er nettoverdien av kontantstraumane knytt til denne som er grunnlaget for erstatningssøksmålet.Avhengig av kva slags rente som vert lagt til grunn, er netto noverdi av kontrakten kring 200 millionar kroner.
Reknar ein med verdien av opsjonen på to bygg til, kan tapet nesten doblast, meiner finansrådgjevarane som Greenfield Property og NDG har brukt.
Ikkje talfesta
Dagleg leiar Jørn Skaane i Greenfield og NDG har tidlegare sagt at Greenfield krev eit .Etter det NETT NO kjenner til, har ikkje Greenfield talfesta nokon sum i stemninga til Oslo tingrett, men let det vere opp til retten å gjere ei skjønsmessig vurdering av erstatningssummen.
Tap av omdømme
I tillegg kjem også eit betydeleg tap av omdømme og marknadsposisjon både for Greenfield og NDG.NDG (tidlegare Lefdal Mine Datasenter AS) sitt hovudprosjekt er å byggje ut delar av den nedlagde olivingruva på grensa mellom Vågsøy og Eid til det dei sjølv kallar eit av dei største og sikraste datalagringssentra i verda.
NDG kjøpte seg inn i Greenfield for å komme inn i den norske marknaden med eit utfyllande produkt til Lefdal Gruve, ifølgje Jørn Skaane i NDG.
Tapte verdfull tid
- Vi har brukt eit og eit halvt år på Greenfield, frå sommaren 2012 og store delar av 2013, og dette har sjølvsagt gått ut over aktivitetsnivået i Lefdal gruve. Vi såg mellom anna at DnB valde Green Mountain i Rogaland som datalager medan vi jobba med Greenfield, seier Jørn Skaane.Avtale med IBM
Datalagringsmiljøet i Vågsøy har hatt eit samarbeid med IBM tilbake til 2009. I juni 2011 skreiv IBM og NDG under ein intensjonsavtale med sikte på å utvikle Lefdal Gruve. IBM skulle mellom anna hjelpe NDG å komme i kontakt med internasjonale kundar med tanke på etablering i gruva.Avtalen vart underskriven med dåvarande næringsminister Trond Giske og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til stades, og det såg lyst ut for datalagring i Norge.
Har gitt slitasje
Då Greenfield fekk kontrakten med Evry, kom også IBM inn som teknologipartnar i dette prosjektet, og IT-giganten var også aktuell for å bidra med finansiering av datasenteret i Fet.- Det som seinare skjedde i Greenfield, var ikkje akkurat med på å auke omdømmet vårt, konstaterer Skaane.
God dialog
- Har Greenfield øydelagt samarbeidet med IBM?- Nei, vi har framleis ein god dialog om Lefdal Gruve som vi konsentrerer oss fullt og heilt om no.
Skaane har tidlegare sagt .
- Vi har gode dialogar med internasjonale aktørar og det skjer mykje spennande, men eg kan ikkje fortelje noko enno, seier han i dag.
Bokførte stort tap
Som følgje av at prosjektet som havarerte, har Greenfield Property AS skrive ned verdiane i selskapet med 43 millionar kroner, bokført i 2012 rekneskapen.Greenfield selde i 2013 rettar og grunnlagarbeid for senteret i Fet til amerikanske Digiplex, som har inngått kontrakt og skal byggje datalageret for Evry.
Skaane vil ikkje opplyse kva pris Greenfield fekk for dette.
Krev aksjane tilbake
Juridisk direktør Hallgeir Østrem i Entra har sagt til NETT NO at selskapet er totalt usamd i Greenfield/NDG sine påstandar. Han understreka at det var Entra som først gjekk til søksmål mot dei to tidlegare samarbeidspartnarane fordi Entra vart fjerna som aksjonær i Greenfield Properity - etter Østrems meining i strid med aksjonæravtalen.Entra krev i sitt søksmål aksjane (33 prosent) tilbake.
- Når det gjeld søksmålet frå NDG og Greenfield så har vi lagt ned påstand om frikjenning. Vi er komfortabel med søksmålet og har ingen ting å frykte, sa Østrem.
Samarbeidsproblem
NETT NO kjenner til at Entra overfor Evry har grunngitt avgjerda om å gå ut av Greenfield Property med samarbeidsproblem mellom eigarane i Greenfield - som NDG og Entra på det tidspunkt eigde høvesvis 67 og 33 prosent i.Problema skal mellom anna ha oppstått i samband med godkjenning av leige- og driftsavtalane (om leige og drift av det planlagde datasenteret, red. merknad), der Entra har uttrykt at deira medlemmer i Greenfield-styret ikkje godkjende avtalane.
Dagleg leiar Jørn Skaane i Greenfield Property og NDG seier dette er feil.
- Det finst ikkje spor av den type samarbeidsproblem nokon stad før Entra hoppa av samarbeidet i januar i fjor, seier Skaane.
- Vi viser til tidligere kommentarer om saka. Ut over dette har vi ingen ytterlegere kommentarer, då vi ikkje prosederer rettstvisten i media, seier Hallgeir Østrem i Entra.
Publisert: 04.02.2014 06:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31