Kan kjøpe tilbake obligasjonslån
Fjord1-refinansiering klar.
Ferjereiarlaget Fjord 1 har i lengre tid arbeidd for å erstatte obligasjonslånet sitt med ny finansiering.
I ei børsmelding i dag skriv selskapet at det har pengane på plass for å kjøpe ut obligasjonslångivarane før lånet forfell til betaling.
Lånet forfell til betaling 22. november i år.
Fjord1 sitt morselskap, Fjord1 Holdco - kjøpte i desember 2021 tilbake 289,5 millionar kroner av obligasjonslånet.
Selskapet varsla 9. desember i år at det ville kjøpe tilbake inntil 350 millionar kroner av det børsnoterte obligasjonslånet, men fekk ikkje full pott.
I 2017 gjekk Fjord 1 ut for å låne inntil ein milliard kroner gjennom eit fem-årig obligasjonslån som ein del av finansieringa av ferjereiarlaget sitt byggeprogram av el-ferjer.
Publisert: 22.04.2022 14:12
Sist oppdatert: 22.04.2022 14:12