Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
NÅDD VIKTIG MÅL: Målet om stabile leveransar året rundt er nådd, ifølgje meldinga i frå dagleg leiar Gustave Brun-Lie kvartalsrapporten
Nytt

Kan levere året rundt

Statt Torsk har nådd målet om stabile leveransar av oppdrettstorsk året rundt.

11.11.2022

Snart vil Statt Torsk levere fisk til slakting tre gangar i veka, skriv selskapet i kvartalsrapporten for tredje kvartal.

Vi er stolte av å kunne fortelje at vi no har nådd det viktige målet om å vere ein leverandør som kan levere til avtalt tid og med avtalt kvalitet, skriv dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie i kvartalsrapporten.

Les børsmelding her

Neste mål er å få oppdrettstorsken til selskapet godkjent og akseptert i sushi-marknaden.

Statt Torsk er eit børsnotert selskap med anlegga sine ved Stadlandet og slakting på Vartdal, på lakseoppdrettselskapet Måsøval sitt anlegg der.

Selskapet fekk nyleg fire nye lisensar til å drive torskeoppdrett, på Apalset i Stad kommune.

I dei fire lisensane kan Statt Torsk ha inntil 3120 tonn torsk i merdene.

Medrekna dei fire nye lisensane har Statt Torsk i dag 12 lisensar i Stadt-området. Målet er 24 lisensar og ein årleg produksjon på 12.000 tonn oppdrettstorsk.

Statt Torsk ASA

Pr. 3. kvartal

20222021
Driftsinntekt12,21,6

Driftsresultat

-25,8-12,7
Resultat før skatt-27,6-12,8
Statt Torsk ASA
3. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt3,60
Driftsresultat-11,1-6,5
Resultat før skatt-12,0-6,5

Publisert: 11.11.2022 09:42

Sist oppdatert: 11.11.2022 09:58

Mer om