Norbruk Roger Sorheim Ronny Kolvik Erlend Iversen foto Kristin Stoylen
LØNNSAM KANTINEDRIFT: Norbruk-gründerane Roger Sørheim (f.v.), Ronny Kolvik og Erlend Iversen har skapt ei verksemd som gir arbeid til kring 100 tilsette. Fjoråret blei eit nytt rekordår, viser rekneskapen. Foto Kristin Støylen
Nytt

Kantinedrift er superlønsam butikk

Kraftig vekst for Ålesund-selskap. Frå to til 100 tilsette på fire år.

Marius Rosbach
27.03.2026

Norbruk-kantinene er i løpet av dei siste åra blitt ein del av kvardagen til mange i arbeidslivet på Nordvestlandet. Verksemda med å levere mat til ein rekke ulike bedrifter i regionen, er arbeidsplassen til kring 100 tilsette – og ein svært lønnsam butikk. 

Gründerane starta selskapet som formelt heiter Nor Facility i 2021. Det året viste rekneskapen knappe fire millionar i omsetning. 

I fjor omsette kantinedrifta for over 96 millionar kroner i regionen.

Jugendfest momentium servering 11
STORT OPPDRAG: Norbruk leverer til ein rekke bedrifter i regionen, men også til større arrangement. Jugendfest er årets største oppdrag. Foto: Marius Rosbach

God lønsemd og solie utbytte
Lønsemda har samtidig vore svært god. I 2024 hadde selskapet ein resultatmargin på 17 prosent, medan den i fjor fall til «berre» 10 prosent. 

Inkludert drygt 6,4 millionar etter fjoråret, har eigarane teke utbytte på knappe 21 millionar kroner sidan oppstarten.

Selskapet hadde 9,3 millionar i eigenkapital ved utløpet av 2025, og 1,5 millionar i langsiktig gjeld.

Nor Facility AS (Norbruk)  
Tal i mill. kroner

2025

2024

Driftsinntekt

96,6

  88,7

Driftsresultat

9,6

15,2

Resultat før skatt

9,5

15

– Rekneskapen er tilfredsstillande
Dagleg leiar Roger Sørheim opplyser til Nett No at dei ikkje vil kommentere rekneskapstala utover det som kjem fram i årsmeldinga. 

– Det viktigaste for oss er produktet vi leverer og kundane våre, skriv han i ei tekstmelding til Nett No. 

– Eg kan likevel seie at rekneskapen er tilfredsstillande, og vi vil halde fram å jobbe for å levere høg kvalitet og ivareta våre kundar på best mogleg måte, legg Sørheim til. 

Stadig fleire – og utvida til Trondheim
Norbruk driv også med catering og reinhald, men kantineverksemda utgjer hovuddelen av drifta. 

Dei leverer mat til ein rekke større bedrifter som Vard, Sparebank 1 SMN og Twoday. I 2024 starta dei også opp i Trondheim, der dei omsette for sju millionar i fjor. 

I løpet av dei fire åra frå oppstarten har selskapet gått frå to til 100 tilsette. Hovudselskapet med adresse i Ålesund er registrert med 74 årsverk i fjor. 

Lagar maten frå botnen av
Norbruk-gründerane har bakgrunn frå restaurantmiljøet i Ålesund. Selskapet har teke med seg matfilosofien frå restaurantdrifta til kantinen, og lagar kvalitetsmat frå botnen av. 

Geir Kåre Sørheim, Tor Helge Aarseth og Andreas Sundnes eig drygt 26 prosent kvar av aksjane, medan Ronny Kolvik eig 15 prosent av aksjane i Nor Facility AS. Malin Løken og Endre Nakken eig tre prosent kvar. Alle eigarane har eigne selskap som eig aksjane. 

Publisert: 27.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 27.03.2026 00:41

Mer om