Kapitalutviding i Golden Energy Offshore Services
Vil hente 320 millionar kroner.
Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services har leigd inn Arctic Securities og Fearnley Securities til å hjelpe selskapet med å hente inn 30 millionar dollar - 320 millionar kroner - i eit kapitalutviding retta mot ei utvald gruppe investorar.
Det melder selskapet i ei børsmelding måndag kveld.
Kapitalutvidinga er ein del av det som opphavleg var ein plan om å låne omlag ein milliard kroner for å finansiere kjøp av fem nye fartøy, slik at Golden Energy Offshore-flåten blir utvida til åtte fartøy.
Oaktree Capital Management, som er største aksjonær i reiarlaget, vil gå inn med 12,8 av dei 30 millionar dollarane som skal hentast inn. Medregna i det kapitalinnskotet er omgjering av eit lån frå Oaktree på på 3,3 millionar dollar til eigenkapital.
Publisert: 11.09.2023 22:22
Sist oppdatert: 11.09.2023 23:05