Vil låne ein milliard til flåteutviding
Investorane positive til korleis Golden Energy Offshore vil finansiere kjøp av nye skip.
Golden Energy Offshore Services vil låne 98,55 millionar dollar – om lag drygt éin milliard norske kroner – for å finansiere kjøp av fem skip.
Ålesund-reiarlaget har skissert ein låneavtale med Fleetscape Capital på beløpet, ifølgje ei børsmelding seint onsdag.
Positiv respons på børsen
Investorane reagerte med å sende reiaraksjen oppover då Oslo børs opna torsdag.
Ved 10-tida var Golden Energy-aksjen opp med meir enn ti prosent til 1,23 kroner aksjen.
Da kjøpsplanane blei kjent i starten av august, fall aksjen frå 1,34 til 1,08 kroner i løpet av få dagar. Etterpå har kursen stort sett peika oppover.
Les også
Fem-årig sals- tilbakeleigeavtale
Avtalen vil gjelde dei fem nye skipa som blir kjøpt av eit dotterselskap til nederlandske selskapet Vroon Holding.
I tillegg skal den omfatte PSV-ane Energy Duchess og Energy Empress, og vere utforma som ein femårig sals- og tilbakeleigeavtale («SLB»).
Kjøpet vil utvide Golden Energy-flåten frå tre til sju skip, der dei fleste vil vere av same design - Ulstein Group sitt PX 121 med X-Bow.
Lånegrad på 63 prosent
Renta for låneavtalen skal basere seg på SOFR (Secured Overnight Financing Rate, journ. anm.) med ein margin på 650 poeng over SOFR-nivået. Avtalen vil gi ein lånegrad for dei sju skipa på 63 prosent.
Reiarlaget eig i tillegg PSV-en Energy Swan som er finansiert via eit obligasjonslån på 70 millionar. Basert på meklarvurderingar gir det ein lånegrad på 39 prosent for dette skipet.
Avtalen er avhengig av godkjenning frå kredittkomiteen og Golden Energy-styret.
Publisert: 31.08.2023 10:00
Sist oppdatert: 31.08.2023 11:36