Finn Arne Egeness Blue Fish 2023 foto Ogne
Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness er ein av foredragshaldarane på fiskerimessa Blue Fish i dag, onsdag 6. september. Han skal snakke om sjømatmarknaden etter koronapandemien. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kina-eksport på lavmål

Eksporten av fryst torsk til kinesiske filetfabrikkar har ikkje vore så liten sidan 2009.

06.09.2023

Hittil i år er det eksportert 7.600 tonn fryst torsk til Kina. På same tid i fjor var eksporten 19.500 tonn, ifølgje sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea. Så liten eksport har det ikkje vore sidan 2009, då eksporten var knappe 9.000 tonn per første september.

Kinesiske filetfabrikkar blei på 2000-talet ein viktig kunde for mellom andre norske torskefiskarar. Torsk blei bløgga og hovudkappa, pakka, frosen ombord og sendt til Kina. Der blei den tint og vidareforedla, før den blei eksportert tilbake til Vesten, til dømes i 400-grams frosne filtepakkar eller til bruk i fylte fiskeprodukt, som til dømes fiskepinnar.

Billeg arbeidskraft
Billeg arbeidskraft gjorde kinesisk foredlingsindustri konkurransedyktig, trass den lange og tidkrevande transporten.

I 2013 og 2014 gjekk halvparten av eksporten av frosen torsk til kinesiske foredlingsbedrifter som fileterte fisken, pakka og fraus den på ny, før den blei sendt attende til marknadar i Vesten.

I august blei berre 14 prosent av frossen torsk frå Noreg eksportert til Kina, ifølgje statistikk frå Norges Sjømatråd.

Taper terreng
No taper kinesiske fiskeindustri terreng i konkurransen om torsk som råstoff.

Grunnen er mellom anna at torsken er blitt dyrare, no mellom anna også fordi torskekvotane er redusert.

Når fiskeforedlingsbedriftene må betale meir for fisken er det dei bedriftene som vidareforedlar fisken til dei best betalte produkta som styrkar si konkurranseevne. Då er det ikkje kinesisk foredlingsindustri som vinn.

Når rentekostnadane i tillegg aukar kraftig, blir det også dyrare å ha fisken på lager i lengre periodar, det er negativt for Kina, ifølgje Egeness.

- Kina si tid er kanskje over, fordi vi har klart å løfte opp torsk til eit høgare betalt produkt, seier Egeness.

Nærar forbrukarane
Egeness ventar meir fisk blir foredla nærare forbrukarane, enten basert på fersk fisk, eller frå frossen fisk - som ikkje blir fryst på nytt.

Europa er hovudmarknaden og frå foredlingsbedrifter der går fiskeprodukta ut i butikkar og til hotell og restaurantar.

Egeness meiner fabrikkar i Europa har ein fordel samanlikna med fabrikkar i Noreg, mellom anna fordi forbrukarane har ulike smak og vanar i ulike land. Då er det lettare å ha mange foredlingsbedriftene nær marknaden enn å forsyne heile Europa frå fabrikkar i Noreg.

Publisert: 06.09.2023 08:51

Sist oppdatert: 06.09.2023 08:51

Mer om