Montasje roadtech
NY DRIFT: Lars Einar Riksheim (t.v.) i Amatec Invest, Ståle og Roger Andre Welle (midten) i PC Support Eiendom skal drive Roadtech vidare, med grunnleggar Peder Strømsvåg (nummer to frå venstre i biletet til høgre). Foto: Ogne Øyehaug/Tussa.
Nytt

Nytt liv for Næringsteft-vinnar

Sykkylven-investorar går saman om å kjøpe buet etter konkursen i brøytestikkeselskap.

10.10.2025

I 2019 gjekk Tingvoll-bedrifta Roadtech heilt til topps i Sparebanken Møre sin gründerkonkurransen Næringsteft. I juni i år gjekk selskapet til skifteretten og melde oppbod.

Gjennomslaget i marknaden som grunnleggarane håpa skulle sikre inntekter og lønsam drift, hadde ikkje kome. 

Ideen til Roadtech er ein lastebil med utstyr som gjer det råd å sette ut og samle inn brøytestikker utan at bilen må stoppe for kvar stikke. Med i utviklingsarbeidet var automatiseringselskapet Amatec i Sykkylven, som også var ein liten aksjonær, med 0,79 prosent eigardel.

Satsar på å sette ideen ut i live
No har Sykkylven-selskapa Amatec Invest og PC Support Eiendom kjøpt buet og satsar på å få sett Roadtech-ideen ut i live. 

– Det er synd om det skulle bli brukt så mykje tid og ressursar, for å bli lagt i ei skuff, seier Lars Einar Riksheim i Amatec Invest til Nett No. 

Amatec Invest  er største aksjonær i Amatec, og er eigd av Riksheim og dagleg leiar Steinar Fet i Amatec. 

Med på Roadtech-satsinga har dei PC Support Eiendom, som er eigd av Ståle  og Roger Andrè Welle. Dei to brørne var hovudeigarar i PC Support, som vart seld til Tussa i desember 2024.

Roadtech Svevia foto Roadtech
KONTRAKT: Roadtech fekk seld eit stikkeutsettingsanlegg til Svevia i 2020. Det blei tatt i bruk i Trøndelag. Foto: Roadtech

Grunnleggaren er med
Den vidare Roadtech-satsinga skal skje gjennom eit nyoppretta selskap - Roadtech Norge. 

Investorane har fått med seg Roadtech-grunnleggar Peder Strømsvåg som dagleg leiar. 

– Det var viktig for å kunne satse vidare, seier Riksheim.

Tunge prosessar
Riksheim seier ei av utfordringane for Roadtech har vore at marknaden selskapet satsar på, er prega av store offentlege anbod og lange prosessar.

Det gjer vegen inn i marknaden smal og krevjande. 

Entreprenørane som konkurrerer om oppdrag, er varsame med å satse på ny teknologi og metodar - mellom anna fordi pris blir lagt så stor vekt på. Riksheim etterlyser ordningar og vilkår i anbodprosessen som gjer det lettare også for nye idear å vinne innpass.

Meir om historia til Roadtech under:

Publisert: 10.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 09.10.2025 21:26

Mer om