Kina kan tape grepet om frosenfisken
KUTT OG NYTT: I 2012 la Domstein ned filetproduksjonen på Trollebø i Vågsøy. 86 tilsette miste jobben. Konkurransen med Kina blei for tøff. No er europeisk filetproduksjon i vekst på ny, på bekostning av Kina. Domsteinanlegget (i sola) er i dag i bruk av den pelagiske industribedrifta Pelagia. 
Analyser

Kina kan tape grepet om frosenfisken

Eksporten av frosen torsk til Kina krympar. Det kan vere godt nytt for torskefiskarane.

28.02.2016
ANALYSE

I 2013 og 2014 gjekk halvparten av eksporten av frosen torsk til kinesiske foredlingsbedrifter som fileterte fisken, pakka og fraus den på ny, før den blei sendt attende til marknadar i Vesten.

I 2015 krympa eksporten av frosen torsk til Kina til ein tredjepart av totalen, og så langt ser det ut til å vere trenden også i år, i følgje bransjeanalytikar for sjømat i Nordea, Finn-Arne Egeness.

Er det berre ein konsekvens av høge torskeprisar, der rimlegare pollock (ein torskeliknande fisk frå det nordlege Stillehavet) har erstatta torsken hos kinesiske foredlingsbedrifter?

Eller er det ein varig konsekvens av at den kinesiske arbeidskrafta er blitt dyrare - på grunn av lønsvekst og valutautvikling - og produksjon i Kina difor er blitt mindre attraktivt?

Faktum er i alle fall at det var billeg arbeidskraft som flytta fiskeforedlinga til Kina. Då er det nærliggande å konkludere med at høgare kostnadar i Kina dreg den andre vegen.

Teknologien har også utvikla seg sidan frosenfisk-eksporten til Kina starta på 90-talet. Det bikkar og til fordel for produksjon i Vesten.

Konkurransen frå Kina bidro til å ta knekken på nesten alt som var av norsk filetindustri, og medverka også til at størsteparten av fabrikktrålarflåten gjekk over til å bli frysetrålarar, som berre kappar av hovudet og sløyer fisken før frysing.

Flyttar produksjonen attende til Vesten er det mange vurderingar som må gjerast på nytt.

Havfisk-sjef Webjørn Barstad har brukt tid etter at han denne veka til å bu seg på foredraget han skal halde under sjømatkonferansen i Bergen komande veke. Er det snakk om eit varig skifte, der torsken ikkje blir eksportert til Kina, men i staden hamnar i fabrikkar i Europa, ser han mellom anna for seg ei produktutvikling på torsk på line med det vi har sett for laks.

Det gjer at Barstad ser optimistisk på eit eventuelt skifte. Ei flytting av fiskeforedling attende til Europa kan vere ein fordel for torskenæringa. Fabrikkar i Europa, gjerne i Polen og Baltikum, ligg så nær marknaden at det er råd å tilpasse seg marknaden på ein heilt annan måte enn det er råd å få til i kinesiske filetfabrikkar. Der må fisken frysast inn på ny. Med produksjon i Europa kan fisken tinast, bearbeidast og sendast rett ut i butikkane.

Meir kunnskap og betre fryse- og tineteknologi gjer at fryst fisk kan bli distribuert kjølt, ikkje fryst, ut til forbrukarane. Næringa trur aksepten for slike produkt berre vil auke, blant anna fordi teknologi og metodar gjer at kvaliteten er auka. For forbrukarane er fordelen at dei slepp å stå for den tidkrevjande tininga sjølve, slik at fiskemiddagen kan takast meir på sparket.

Fabrikkar i Polen og Baltikum kan også nåast av ferskfiskleverandørane, som i stor grad består av eigarar av mindre fiskebåtar som leverer fisken same dag som den er fiska. Det er ikkje lenger veg dit for torsken enn det er for laksen. Klarer oppdrettarane å ordne transporten, kan torskefiskarane klare det og.

Bransjeanalytikar for sjømat i Nordea, Finn-Arne Egeness, konkluderer på same vis som Barstad i ein kronikk han hadde på trykk i FiskeribladetFiskaren denne veka. Meir produksjon i Europa på bekostning av Kina er ein fordel, også for fiskarane. I Kina er fryst råstoff inn og dobbeltfryste filetar ut det einaste alternativet. Europeiske filetbedrifter kan bruke både ferskt og fryst råstoff, og levere ferske, tinte eller fryste filetprodukt, etter kva som er mest lønsamt.

Nordea sine analyser konkluderer med at det kan bli ein langt større dynamikk i både råvare og forbrukarmarknaden med fleire fabrikkar i Europa. Kortare transport gjer det mellom anna lettare for kundane å kjøpe mindre volum i slengen. Det kan auke distribusjonen til og etterspørselen frå mindre kundar. Egeness og kollegaene anslår at nesten 70 prosent av den ferske torsken som blir eksportert til EU er råstoff til fiskeforedlingsindustrien. Ein større europeisk fiskeindustri gir større konkurranse om råstoffet, og dermed høgare torskeprisar.

Då fiskeoppdrettarane skulle opne nye dører for laksen var nettopp produktutvikling nøkkelen. Oppdrettsnæringa såg mot kyllingprodusentane, som hadde lukkast med å servere kyllingen nesten ferdig tillaga i butikken, medan fisken framleis var heil, skiva eller i store filetar, og fersk eller frosen. No får du laksen i mange variantar, rett frå posen eller pakken og opp i gryte eller steikepanne. Torsk og anna kvitefisk er på veg etter, men det er framleis steg å ta.

Det er neppe realistisk å få flytta all produksjonen i Kina heilt heim til Noreg. Noko kan det bli, men i alle fall ikkje alt.

Lågare lønskostnadar er framleis ein fordel for produksjon ute. Tollreglar for bearbeidd fisk favoriserer også vidareforedling innanfor EU. Dessutan tilseier omsynet til distribusjonsflyten at ein del av produksjonen vil vere best å gjere så nær marknadane som råd. Er fisken først frosen vil det vere lettare å frakte den frosen den lange vegen fram til fabrikken, og heller få ein kort veg ut til butikkane som tint produkt, i staden for omvendt.

Men om poenget med å produsere i Kina forsvinn er i alle fall sjansen for at noko av arbeidet blir flytta heilt heim blitt større. Får torskefiskaren dessutan meir i lommeboka er det ein ekstra bonus, som mellom anna kan føre til at norske verft og utstyrsleverandørar får nye oppdrag å konkurrere om.

Publisert: 28.02.2016 06:00

Sist oppdatert: 06.09.2023 09:12