Kinesarar og sunnmoeringar stiller mannssterkt
NOR-SHIPPING: Statseigde China Shipbuilding Industry Corporation er ein av eit trettitals kinesiske bedrifter som er representerte på årets Nor-Shipping.
Nytt

Kinesarar og sunnmøringar stiller mannssterkt

Eit femtitals bedrifter frå nordvestlandet stiller ut på årets Nor-Shipping. Kina stiller også mannsterkt med 35 bedrifter.

05.06.2019
900 utstillarar frå 48 ulike land er representerte på den store shippingmessa på Lillestrøm denne veka.
Nordvestlandet er som vanleg godt representert, med eit førtials selskap.
Mest overraskande er nok likevel den store kinesiske delegasjonen, der rundt 35 selskap stiller ut, truleg som resultat av eit betra samarbeidsklima mellom norske og kinesiske styresmakter.

- På like vilkår

Her er også fire store kinesiske statseigde selskap som Cosco, China Chamber of Commerce, China State Building Corporation og China Shipbuilding Industry Corporation.
I ein kort kommentar om den store kinesiske delegasjonen til Nor-Shipping, seier statsminister Erna Solberg til NETT NO.
- Det er viktig at all konkurranse skjer på like vilkår.
Årets messe har eit grønt fokus under slagordet 'eit hav av mulegheiter'.
Ps: NETT NO er på plass heile veka.

Publisert: 05.06.2019 10:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35